Fotball
Treningssamling på VossI ettermiddag set Vidar Rosnes og Osterøy-mannskapet kurs for Voss og ei hektisk treningshelg. Tre treningsøkter og ein treningskamp mot Voss 2 dannar grunnlaget for dei siste førebuingane før sesongstart om 14 dagar.
Les mer TIL TRENARAR OG LEIARAR I OSTERØYFOTBALLEN
Me er i snart i hamn med eit nytt programhefte for Osterøy sine heimekampar i 5. divisjon. Programheftet, som er på 16 sider, skal i tillegg til annonser innehalde ein del redaksjonelt stoff. I dette høvet er me på jakt etter innspel frå trenarar/leiarar i barne- og ungdomsfotballen i klubben.
Les mer Oppdatert organisasjonsinfo
I venstremenyen Om Osterøy IL er det oppdatert informasjon. Der kan ein no finna styret for 2008 samt årsmeldingar og referat frå årsmøtet 03.03.08. I tillegg er det råd å finna den nye lova for idrottslaget som også vart vedteke på sist årsmøte.
Årsmøtet handsama og vedtok organisasjonsplan for 2008. Denne ligg (saman med dei andre dokumenta) til nedlasting.
Sesongen 2008 er like rundt hjørnet. I menyen "Sesongen 2008" til venstre er det no oppdatert informasjon om alle lag over 12-år. Her vil du på ein enkel måte kunna finna alt du treng for å følgja alle Osterøy IL sine lag komande sesong.
Les mer Eidsvåg-kampen utsettSnøfall stakk kjeppar i romjula for Vidar Rosnes og Osterøy torsdag kveld. Den planlagte kampen mot Eidsvåg kunne ikkje spelast på grunn av dei trasige vêrtilhøva. Vel framme i Eidsvåg måtte difor tilreisande Øyningar pakka bagane og gjere vendereis.
Les mer 4. divisjons motstand ventarI morgon spelar Osterøy nok ein treningskamp. Denne gong er det Eidsvåg IL som skal prøva å påføra dei gule og grøne det første tapet denne sesongen. Kampen, som vert spela i Eidsvåg, går av stabelen kl. 20.00
Les mer 8-åringane på Åsane CupLaurdag 8. mars, inntok Osterøys 8-årige fotballspirer den store Vestlandshallen for å delta på Åsane-cup. Me stilte med 2 gutelag og eit jentelag.
Les mer 15/16-åringar fiksa siger mot naboen
Familien Aasheim/Torgersen fokuserte godt i Arna/Bjørnar kampen
Osterøy viste seg ikkje fram frå si beste side, men klarte likevel å dra i land nok ein siger side på Stemmemyren søndag. Divisjonskollega Fjell Kam hang lenge med, men måtte til slutt gå av bana med 3-5 tap.
RYDDAR OPP: Ronny Hansen ryddar opp i kjent stil mot Fjell Kam
Les mer Treningskamp mot Fjell KamSøndag 9. mars ventar ein ny test for Osterøy. På Stemmemyren i Sandviken ventar Fjell Kam – klare til å påføra Rosnes sine utvalgte årets første tap.
Les mer