RETNINGSLINJER PÅ TRENING

For å håndtere meir enn 100 born og vaksne over ein kort periode er det viktig at alle tar hensyn og respekterar reglar satt av turngruppa. Dette er for å ivareta helse, miljø og sikkerheit for alle som trenar hos oss.

Me ber dykk difor om å gå igjennom punkta saman med borna og forklare kva forventningar me har når dei kjem i hallen.

 

MØT PRESIS TIL TRENING!

 

TRENINGSTØY

  • Alle borna bør ha på seg eigna treningstøy. Unngå lause klede som kan være til hinder for treninga og sikring. Unngå bruk av kjole/skjørt, dette av sikkerhetsårsaker.
  • Bruk sokkar med antiskli.  Til dømes: FlipZone-sokkar og turnsokkar. Det er også mogleg å gå barfot, men det er svært kaldt golv i hallen.
  • Hugs strikk i langt hår og unngå smykker og øyredobber.

 

GARDEROBE

  • Bruk garderobane til yttertøy/sko.
  • Me ynskjer at bornet har kledd av seg og tatt på turnsokkar før dei kjem inn til trening.
  • OBS! Ikkje la verdisaker ligge i garderobane.

 

DRIKKEPAUSE

  • Ha med drikkeflaske med vatn.
  • Trenarane styrar drikkepausar. Drikking utanom pausane er med på å skape uro for dei andre borna, dette skal difor unngås.

 

TOALETTBESØK

  • Fint om toalettbesøk er unnagjort før trening for å unngå uro kring dette. Trenarane har ikkje mulighet til å følgje utøvarar på toalettet under treninga.

 

VENT MED Å GÅ INN I HALLEN:

  • Av sikkerheitsårsaker og til hensyn for andre parti ber me dykk vente i foajè/garderobe til treninga starter.
  • Til hensyn for pågåande trening i hallen ber me born på partia: 6-7år, 8-9år og 10-12år å bruke døra nederst i gangen når dei skal inn i hallen. Ikkje gå inn i hallen der turntreninga pågår.

 

FØRESATTE/SYSKJEN

  • Me ynskjer ikkje at føresatte/syskjen blir med inn i salen under treninga for turnpartia.
  • Me ynskjer at føresette trekkjer ned frå tribuna, sitt gjerne i foajèen.