Lysløypas vener

Lysløypa ligg der både sumar og vinter. Den har i over 40 år vore brukt til
rekreasjon og som treningsløype for langrennsløparar.

Når det er snø arrangerer skigruppa lysløypecup kvar onsdag.

Løypa vert preparert både for klassisk og skøyting så snart snøen kjem.

Løypa vert preparert med skigruppas eigen traktor med Skjeldalsfres.
Den vart nyinnkjøp i 2014, og kosta skigruppa ein halv million kroner.
Dette gjer flotte preparerte løyper.

Lysløypa er 5 kilometer lang.

Lyset vert tent manuelt og slukka automatisk klokka 23.00.

Kvar haust vert løypetraseen rydda for busker, steinar, gras og anna kratt.
Drenering og gruspåfylling vert også utført. All rydding og løypekjøring vert
utført på dugnad av ivrige medlemar av skigruppa. Det utgjer mellom 500-1000
timar med dugnadsarbeid kvart år.

Du som privatperson har alltid høve til å gi din ’skjerv’ til skigruppa.
Ved å betala inn ein sum, liten eller stor.

Vipps: 121349 Kontonummer: 3632.54.56676. Merk innbetalinga med lysløypa.

Sponsorar

Hovedsponsorer

Samarbeidsparnere