Osterøy IL er det største idrettslaget på Osterøy, med aktivitet innan fotball, handball, turn, friidrett og langrenn. Idrettslaget har for tida om lag 700 medlemmer.
Aktiviteten for fotball, friidrett, turn, og handball går føre seg på sentralidrettsanlegget i Osterøy kommune. Dette består av Osterøyhallen, Fugledalen kunstgrasbane og Osterøy stadion. Desse anlegga ligg «vegg i vegg» på Hatland. Klubbhuset til Osterøy IL ligg også ved stadion. Med unntak av Osterøyhallen som kommunen bygde og som stod ferdig i 1998, har Osterøy IL vore pådrivar og utbyggjar for resten av sentralidrettsanlegget
Osterøy stadion vart opna i 1983 med fotballbane av grus og løpebaner med raudstubb. Gradvis oppgradering over tid gjer at anlegget no er eit moderne anlegg med grasbane og friidrettsdel med 6 løpebaner.
Klubbhuset ved Osterøy Stadion vart bygd i 1991, men har blitt utvida i fleire rundar. Klubbhuset er tilgjengeleg for utleige (kontakt post@osteroyil.no).
Fotballtreningane føregår stort sett på Fugledalen kunstgrasbane, som ligg vegg i vegg med Osterøyhallen. Kunstgrasbana vart opna i 2009, og fekk nytt banedekke utan plastgranulat i 2023.
Skigruppa har bygd og driftar lysløype på Rolland.
Historie
Historia til Osterøy IL kan førast tilbake til 1918, med skipinga av Turn og Idrottslaget Skarphedin. I 1946 vart Osterøy IL til gjennom ei samanslåing av tre lag: Skarhedin, Sterkodder og Mjeldalen. Til 100-års jubileet i 2018 vart det utgitt ei jubileumsbok om Osterøy IL skriven av Bjarte Vik.
Osterøy IL har framleis att nokre eksemplar av boka for sal, ta kontakt med post@osteroyil.no
Fleire historiske dokument om Osterøy IL kan du finne her.