INFORMASJON OM ANLEGGA OSTERØY IL NYTTAR

Aktiviteten for fotball, friidrett, turn, handball og volleyball går føre seg i Osterøyhallen og på Osterøy stadion. Desse anlegga ligg "vegg i vegg". Klubbhuset til Osterøy IL ligg også ved stadion.

Osterøy Stadion / Klubbhus:                                                  Fotlandsvegen 81, 5282 Lonevåg

Osterøyhallen / Osterøy Stadion Kunstgras:                        Geitaryggen 10, 5282 Lonevåg

Skiaktiviteten går føre seg i lysløypa på Rolland. Sjå litt lengre ned på sida. 

Bilde viser anlegga våre. Osterøy Stadion til venstre, Osterøyhallen i midten og kunstgrasbana (Fugledalen) til høgre.

Lettaste vegen å nå Osterøy stadion/Osterøyhallen er å følgja E16. Køyr så over Osterøybrua.  Frå brua tek det om lag 15 minutt å køyra. Køyr rett fram og gjennom tunnellen. Følg skilting til Lonevåg.

I Lonevåg tek du så til venstre mot Hatland ved Sparebanken Vest sitt bygg  og følgjer Fotlandsvegen ein knapp kilometer. Du køyrer no forbi ein bensinstasjon. Du vil då straks sjå skilt «Osterøyhallen» Skal du til kunstgrasbana sving inn her.

Osterøy stadion og klubbhuset ligg like forbi innkøyrsla til hallen.

Tilreisande kan også nytta ferja frå Breistein-Valestrandsfossen. (Går frå Breistein kvar heile og halve time til vanleg. Retur kvart på/kvart over fram til 21.45. Eigne ruter laurdag og sundag. Frå kaien er det under 10 kilometer (8 minutt) å køyra retning Lonevåg.
Dette høver godt for mellom anna reisande frå Nordhordland.

Anna informasjon til tilreisande: Garderobeanlegg er til vanleg i Osterøyhallen.

Lysløpa på Rolland

Kartlink

Lysløypa på Rolland finst berre 5 minutt frå brua retning Lonevåg. Køyr rett fram gjennom Tirsåstunnellen og ta til høgre på bakketoppen mot Gjerstad og kjør inn på Gjerstadvegen. Etter nokre hundre meter har du parkeringsplassen på venstre side samt løypa på høgre side.

Aktivitetar

05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar