Stjernelaget

Osterøy IL  har saman med Osterøy kommune starta opp Stjernelag!    (Noko av desse aktivitetane har tidlegare vore knytt til «Spretten»)

Stjernelaget til Osterøy er for alle (6 år og oppover) med funksjonsnedsettelse eller som ikkje finn seg til rette på ordinære fotballag.

Stjernelaget er eit tilbod til alle. Det er trening kvar tysdag i Osterøyhallen eller på bana kl. 17.00 til 18:00 med trenarane Asle Markussen, Janne Stamnes, Ørjan Kleppe og Martin Nessestrand Mjøs.

Alle som ynskjer å prøve seg er hjerteleg velkommen og får sjølvsagt ta med seg både foreldre og andre følgepersoner.

Laget skal delta i Stjerneserien der lagene speler kamper mot kvarandre i serieturneringer. Det er fokus på det sosiale, mestringsfølelse og glede ved å drive idrett i både trening- og kampsituasjon.

Lurer du på om dette er noko for deg/ditt barn? Ta kontakt!

Kontaktinformasjon for Osterøy IL sitt stjernelag:

Martin Nessestrand Mjøs E-post: martin.mjos@hotmail.com
Mobiltelefon:  948 56 161

Tore Langeland E-post: post@osteroyil.no Mobiltelefon: 908 78 512

Stjernelaget trenar 1 gong i veka og me deltar i Stjerneserien.

Har du lyst til å være med?

Trening kvar tysdag 17 – 18.30 på kunstgraset i Lonevåg. Frå midten av oktober (litt væravhengig) trener me i idrettshallen frå 17.00-18.00.

Stjerneserien er NFF Hordaland sitt kamp- og serietilbod for spelarar som ikkje finn seg til rette på ordinære lag eller som har ein nedset funksjonsevne. Serien vert spela over seks serierundar (3 på våren og 3 på hausten) med dei ulike klubbane som arrangør. Serien vert delt inn i fem klassar for ungdom/vaksen, kor ein spelar 5ar fotball.