Politiattestar
«Krav om politiattest i Osterøy Idrottslag
Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevja politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføra oppgåver som i vesentleg grad inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga trer i kraft 1. januar 2009.
Idrettsforbundet krev at alle som har eit ansvars- eller tillitsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming skal framvise politiattest.
https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/politiattest/
I Osterøy IL er det personar med følgjande rollar som skal framvise politiattest:
-
Trenarar og lagleiarar for barn under 18 år
-
Dommarar etter reglar i eigen særkrets
Politiattestansvarleg i OIL frå 2021 og inntil ny person er vald ved styrevedtak er: Elin Kleppe Fossbakken.
Aktivitetar
Haus skule onsdag 27.11.2024 kl. 18.30
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.