Varsling i idretten

Osterøy IL ønskjer å vere ein trygg arena for alle våre medlemmar. Sei i frå om du opplever noko som bryt med våre reglar og etiske retningslinjer. Vi vil gjerne vite om kritikkverdige forhold og vil ta alle varsel vi får på alvor.

Kva kan du varsle om?

Du kan seie ifrå om hendingar eller handlingar som du sjølv har opplevd, har oppdaga, har direkte kjennskap til, eller har høyrt om frå andre.

Eksempel på tema du kan varsle om er underslag av pengar, trakassering og mobbing frå andre utøvarar eller trenarar, juksing i konkurransar, rasistiske utrop, diskriminering, med meir.

Det skal være ein låg terskel for å seie ifrå om brot på idretten sine reglar og retningslinjer.

Kva skjer når du varslar?

Osterøy IL får alle varslingssaker gjennom løysinga Mitt varsel som er idretten sitt digitale system for håndtering av varsel. Det skal vere trygt å varsle. Det er leiar i idrettslaget som er administrator for Mitt varsel og vil vere den som tek imot varselet. Om du ønskjer at første mottakar skal vere ein annan person, ta kontakt med oss over telefon (Dagleg leiar 90878512)

Før du varslar

Når du skal varsle er det viktig at du føler deg trygg og at du har den informasjonen du treng. Rådgjevarar i Vestland idrettskrets kan gje deg råd og rettleiing i prosessen. Ta kontakt med dei om du er usikker på kva du kan varsle om, eller korleis du skal gå fram når du varslar.

Heidi Hatlen
E-post: heidi.hatlen@idrettsforbundet.no
Telefon: 480 21 398

Martin Uthaug
E-post: martin.uthaug@idrettsforbundet.no
Telefon: 975 38 679

Eg vil varsle

Du kan varsle med namn og bruke eigen e-post adresse. Din identitet og identiteten til den eller dei som det vert varsla om vil ikkje bli gjort kjent for fleire enn det som er naudsynt for å handsame saka.

Varsle anonymt

Du kan og varsle anonymt. Du vil da få eit brukarnamn og passord på SMS eller epost slik at du på eit seinare tidspunkt kan logge deg på for å kommunisere med sakshandsamar. Om du veljer å være anonym i ei varslingssak kan det bety at vi ikkje kan gå vidare med saka overfor den det er varsla om. Dette fordi eit anonymt varsel kan ha for lite informasjon til at vi kan gå vidare med saka, eller fordi vi vel å ikkje gå vidare med saka for å sikre anonymiteten til deg som varslar.

Aktivitetar

05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar