MEDLEMSKAP

 

PÅMELDING

Påmelding for nye medlemmer i turngruppa opnar 1 august kl. 09:00.

Påmelding via SMS til 95723286 (Lovise Mari A. Hopsdal).

Ved påmelding, ta med:

Informasjon om gymnasten:

– Fullt navn

– Fødselsdato

– Adresse

Informasjon om foresatte:

– Navn

– E-post

– Mobil nr.

 

SPOND

Turngruppa nyttar appen SPOND.

Som medlem i turngruppa har du ein medlemsprofil i SPOND. Via denne profilen vil du ha tilgang til gymnastens treningsgruppe og tilhøyrande treningar.

All kommunikasjon mellom turngruppa og dykk som medlem kjem via SPOND.

Om du ikkje har lasta ned SPOND-app vil informasjonen komme via SPOND inn i din innboks på epost.

 

MEDLEMSKONTIGENT OG TRENINGSAVGIFT

Alle medlemmer i Osterøy IL Turn vil bli fakturert x 2 i året for:
  • Medlemskontigent til Osterøy IL
  • Treningsavgift til Turngruppa

Medlemsavgift og treningsavgift blir ikkje fakturert på same tid, ta kontakt med styret dersom det er spørsmål kring fakturering.

Det er viktig at begge deler blir betalt for å kunne delta på treningar og på arrangement. Dersom ein ikkje har betalt reknast ein ikkje som gyldig medlem, noko som vil kunne skape problemer blandt anna ved skader.

Turngruppa ynskjer at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta i idretten, uavhengig av familiens økonomiske situasjon. Ta kontakt med styret i turngruppa slik at me kan finne ei løysing på dette saman.

 

Medlemskontigent Osterøy IL:

Medlemskontingenten vert fastsett av årsmøtet og skal betalast på forskot. I Osterøy Idrottslag er alle personlege medlemar. Ved å betala medlemskontigent er ein automatisk medlem i alle gruppene i laget.

Medlemskontigent fastsett for 2023 er uendra (jf. vedtak på årsmøtet 21. mars 2023):
Innmelde f.o.m. 1.8. i året betalar halvparten av medlemskontigent for det første året.

  • Born t.o.m. det året dei fyller 17 år betalar kr. 300,- pr. kalenderår.
  • Vaksne f.o.m. det året dei fyller 18 år betalar kr 600,- pr. kalenderår.

 

Treningsavgift Osterøy IL Turn

Treningsavgiftene vert fastsette av gruppestyret. Treningsavgifta er ein svært viktig del av inntekta. Avgifta går til utgifter ved halleige, kompensasjon til trenarar, trenarutvikling, forbundskontigent NGTF, kjøp av utstyr og liknande som trengst for å halda gruppa i gang.

Treningsavgift turngruppa:
  • Barn tom. 6år*: 800kr
  • Barn 7år- tom.10år*: 1000kr
  • Barn fom. 11år*: 1200kr
  • Rekrutt/Junior parti: 600kr

* Det året deil fyllar år.

Innmelde f.o.m. 1.8. i året betalar halvparten av treningskontigent for det første året.

Gymnastar som har vore aktive i mellom januar-desember og har deltatt på meir enn 2 treningar vil bli fakturert.

*Med forbehald om endringar.

 

Arrangement, konkurransar og ekstra tilbod

Ved deltakelse på arrangement, konkurransar og andre ekstra tilbod kan det medføre ei ekstra deltakaravgift. Dette blir informert om ved påmelding av arrangementet og eigen faktura vil bli sendt ut på det.

 

DUGNAD

Frivillig arbeid gjennom dugnad er ein avgjerande ressurs for turngruppa, og er heilt nødvendig for at gymnastane våre skal kunne få eit godt aktivitetstilbod.

Dugnad er med på å dekke for utgifter som elles måtte bli dekka av medlemmane. Dugnadsarbeid kan eksempelvis være vedlikehald av klubbhus/hall, vaffelsteiking, vakthold ved arrangement ect. Loddsal og anna type sal (sal av toalettpapir, julekalender ol) er også dugnadsarbeid. Dugnadsarbeidet opplevast ofte som sosialt og gøy, og bidrar med å styrke fellesskapet i idrettslaget.

Turngruppa vil sterkt oppfordre alle til å stille på dugnad.

 

AVMELDING OG UTMELDING

AVMELDING I TURNGRUPPA

Send melding i SPOND til medlemsansvarleg: Lovise Mari A. Hopsdal

Evt. Send E-post til Lovisem_89@hotmail.com

UTMELDING I IDRETTSLAGET

Utmelding i idrettslaget kan gjerast i minidrett.no, evt send epost til post@osteroyil.no.