Siger det einaste positive

Osterøy viste seg ikkje fram frå si beste side, men klarte likevel å dra i land nok ein siger side på Stemmemyren søndag. Divisjonskollega Fjell Kam hang lenge med, men måtte til slutt gå av bana med 3-5 tap.




INVOLVERT: Joachim B. Solberg scora sjølv og la opp til eit av Osterøy sine 5 mål mot Fjell Kam søndag.

– For å ta det positive først – oppsummerte trenar Rosnes i garderoben – me vinn kampen. Bortsett frå det var dette ei bedrøveleg framsyning. Me virkar tunge i kroppen, brukar for lang tid med ball og er for treige i det meste me gjer. Innsatsen i dag står ikkje i stil med kva eg forventar av eit lag som tek mål av seg til å rykke opp. Fortset me i dette sporet kjem me ikkje til å kjempa i riktig ende av tabellen.

 

Gode i fem minuttar

Det begynte slett ikkje verst for dei gul- og grønkledde, som gjekk rett i angrep frå avspark i første omgang. Osterøy, som gjekk ut i ein 4-3-3 formasjon kombinerte fint og spelte god fotball. Ørjan Bysheim legg opp til kammpens første sjangse når han kjem seg fri på venstre sida. Innlegget når Thomas Langeland, men skotet vert blokkert. Returen frå Joachim B. Solberg tek ein god Fjell Kam keeper seg av.

 

To mål i trynet

Etter 9 minuttar er det corner for heimelaget. Osterøy sviktar fullstendig i markeringane og det står plutselig 1-0 til Fjell Kam. Det stoppa ikkje med det. Tre minuttar etter knalla rein Fjell Kam spelar til frå 25 meter og overrumplar Einar Gjerstad i Osterøy-målet. 2-0 i trynet etter knappe kvarteret var neppe det Rosnes såg for seg før kampen.

 

Tek seg opp

Etter denne kaldusjen tek Osterøy seg litt i nakken, men klarar likevel ikkje å få til det hurtige, presise spelet dei har prestert tidlegare i sesongoppkjøringa. Kampen er prega av feilpasningar og lavt tempo. Det vert ikkje produsert ein målsjangs før etter halvtimen. Ørjan Bysheim er igjen regsissør og trer ballen gjennom til Øyvind Tysse, men Fjell Kam keeperen er igjen på pletten og ryddar opp.

 

Fem minuttar etter spelar Øyvind Tysse Thomas Langeland gjennom. «Turbo» held roen og kjippar kaldt og roleg over ein utrusande keeper. Ei nydeleg scoring som varma dei ni (9!) frammøtte ostringane på tribuna.

 

Rokkeringar i pausen

Rosnes var ikkje nådig i pausen og sette spørjeteikn med spelarane sin vilje til å vinna. -Tenningsnivået er alt for lavt. Dette kan me ikkje vere bekjent med, buldra osterøy-trenaren. -Me er ikkje i nærleiken av den intensiteten me viste mot Eikanger og Valestrand i februar. Me må opp på det nivået. Innsats er første bud når ein skal vinna fotballkampar, avslutta han.

 

Rosnes set inn Eirik Hella, Remi Markussen og Kristian Daltveit for Ole Morten Tysse, Stein Erik Kollvangsnes og Thomas Langeland i pausen. Han vel òg å legga om til 4-4-2.

 

Nok eit baklengs

Andre omgang byrja som første. Det såg ut som om Rosnes hadde nådd inn til spelarane i pausen. Øyvind Tysse var farleg frampå etter berre minuttet, men keeper fekk igjen ei hand på ballen. Spelet bølgar etter dette litt fram og tilbake, og etter fem minuttar får Fjell Kam corner. Som i første omgang er Osterøy ubesluttsame i eigen boks og Fjell Kam kranglar inn 3-1 leiing. Like etter smell ballen i treverket bak Einar Gjerstad etter nok ein dødball. Skal det gå mot sesongens første tap?

 

«Kaptein Kim» tar tak

Det var til saman godt over 600 a-kampars røynsle på tribuna i Sandviken søndag, som alle konkluderte det samme; upresist, treigt og ubesluttsomt. –No må nokon ta tak i dette.

 

På bestilling dreg Kim Solberg seg flott gjennom på midten, set fart og spelar gjennom Øyvind Tysse på høgre sida. Han tek ballen med seg til hjørnet på 16-meteren og knallar ballen inn ved motsatt stolperot til stor jubel frå Osterøy-veteranane. Skal det likevel kunne gå?

 

Snur kampen

Siste kvarteret vert endeleg forskjellane på dei to laga synlege. Osterøy virkar betre trent enn sine opponentar og byrjar å feste grepet om kampen. Etter 30 minuttar avsluttar Joachim B. Solberg eit fint Osterøy angrep med si utlikningsscoring. Sju minuttar seinare vert eit langt innkast stussa vidare – ikkje berre ein, men to gonger – før Odd Idar Mjøs breisidar inn Osterøy leiing for første gong i kampen. Dette var veteranen si andre scoring på 14 dagar.

 

Øyvind Tysse får æra av å avslutta det heile med si 5-3 scoring 2 minuttar før slutt.  Eit langt innlegg frå Joachim B. Solberg treff hovudet til Odd Idar Mjøs, som serverer Tysse på sølvfat.

 

-Som sagt; eg er nøgd med at me vinn kampen, men det er òg alt. No har me ein jobb å gjere fram mot seriestart. Vonleg vil me få gode økter utover i neste veke. Torsdag etter påske ventar Eidsvåg. Då må me prestere betre enn dette, avsluttar Rosnes.