Mova Osterøy trearen Osterøy Stadion måndag 7. september frå kl. 18.00.  plakat 2026

Det vert først 1-2 heat med 600m for 14 år og yngre.

Deretter vert det fleire heat med 3000m. Dei med forventa svakast tid startar i 1. heat kl. 18.40.   Meir info om påmelding m.m. kjem venteleg i slutten av august.

Startpenger kr. 50,-   Osterøy IL friidrett vipps 121337

I samarbeid med MOVA Osterøy inviterer Osterøy IL friidrettsgruppa ALLE til å testa seg på den klassiske distansen 3000 meter måndag 7. september. Dette er eit LÅGTERSKELTILBOD for alle uansett nivå. Samstundes er det også eit tilbod til konkurranseløparar der alle får elektronisk tidtaking og godkjent resultat.
Det blir sjølvsagt også BARNELØP med start klokka 18. Distansen er 600m. Premie til alle deltakarane! Påmelding i klubbhuset.
Treningssenteret MOVA Osterøy er tittelsponsor og stiller med premiar både til barneløp og uttrekkspremiar på 3000m. Dei står elles for oppvarming, har infostand og skapar generell god stemning!
Kvart heat er nivådelt med rundt 15-20 deltakarar. Det er difor viktig å oppgje tida du ønskjer å springa på i påmeldinga. Då får du springa med dei som er jamgode. Arrangøren set opp 2-4 fartshaldarar i kvart heat som kan hjelpa deg med å halda jamn fart og nå målet ditt.
Startkontingenten er 50 kroner, både for 3000m og barneløp. Påmeldingsfristen for 3000m er søndag 6. september, men er det plass i feltet slepp me til etternølarar. Påmelding til barneløpet er i klubbhuset før start. Nøyaktig tidsskjema og heatfordeling blir offentleggjort tidleg på løpsdagen, men me byrjar med barneløpet klokka 18. Det beste 3000m-heatet går til slutt, truleg rundt klokka 19.30.
Det blir sjølvsagt kiosk, mykje heiing og god stemning under arrangementet. Spørsmål om løpet kan du senda til bjartevik30@hotmail.com eller telefon 45602908. Følg denne hendinga på Facebook for fleire nyheiter fram mot 7. september