4. divisjons motstand ventar

I morgon spelar Osterøy nok ein treningskamp. Denne gong er det Eidsvåg IL som skal prøva å påføra dei gule og grøne det første tapet denne sesongen.  Kampen, som vert spela i Eidsvåg, går av stabelen kl. 20.00

-Me reiser til Eidsvåg med mål om å oppretthalde vår gode vinterstatistikk, seier Vidar Rosnes. -At me møter eit lag frå ein divisjon høgare enn den me stiller i sjølv endrar ikkje vår målsetjing. Det er trass alt dette nivået me skal spele på til neste år.

Som i dei to siste kampane går Ostreøy ut i ein 4-3-3 formasjon. -Me har terpa ein del på denne formasjonen. No står det att å sjå om me er blitt tryggare på rollefordelinga. Om det stokkar seg litt legg me truleg om til 4-4-2 etterkvart, seier Rosnes.

Det er ein noko redusert tropp som stiller på kunstgrasdekket i Eidsvåg. – Eirik Øvsthus er som kjend ute ei stund framover. I tillegg reiser me utan Øyvind Øvsthus, Joachim Borge Solberg og Kristian Daltveit. Odd Idar Mjøs og Ørjan Bysheim er òg usikre, seier Osterøy-trenaren. Han ser likevel ikkje noko grunn til bekymring. -Me har mange spelarar som aspirerer til ein plass starteoppstillinga mot Kjøkkelvik når alvoret byrjar. No blir det opp til dei som får sjansen å bevisa at dei fortener ein plass på laget. Eg satsar på at konkurransen om plassane vil heva oss til det naudsynte nivået, avsluttar Rosnes.

Troppen mot Eidsvåg: Einar Gjerstad, Eirik Hella, Ole Morten Tysse, Remi Markussen, Andreas Kollvangsnes, Ronny Hansen, Stein Erik Kollvangsnes, Steffen Gjøstein, Martin Dyvik, Jens Lillefosse, Heine Solberg, Kim Solberg, Tommy Kårdaø, Øyvind Tønjum, Øyvind Tysse og Thomas Langeland.

 

Aktivitetar

03 mar
05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar