TIL TRENARAR OG LEIARAR I OSTERØYFOTBALLEN

Me er i snart i hamn med eit nytt programhefte for Osterøy sine heimekampar i 5. divisjon. Programheftet, som er på 16 sider, skal i tillegg til annonser innehalde ein del redaksjonelt stoff. I dette høvet er me på jakt etter innspel frå trenarar/leiarar i barne- og ungdomsfotballen i klubben.

Grunnen til dette er at me ynskjer å ha ei side som dei aldersfastsette laga i klubben. Programheftet vert nytt for kvar heimekamp, slik at me i årets sesong har plass til omtale av 11 lag.  Vår oppfordring til trenarar og lagleiarar er å skrive nokre linjer og stikkord om sitt lag, ta eit lagbilde og sende det til oss. Om de ynskjer hjelp til tekst og bilete hjelper me sjølvsagt til.

Seriestart nærmar seg med stormsteg, så jo kjappare me får tilbakemeldingar frå dykk, jo betre.

 

Dette blir artig for ungane og tilskodarane på Hatland!

Me mottek òg gjerne eit namneforslag og to 🙂

 

Tekst og bilder sender de til post@prophil.no