Eidsvåg-kampen utsett

Snøfall stakk kjeppar i romjula for Vidar Rosnes og Osterøy torsdag kveld. Den planlagte kampen mot Eidsvåg kunne ikkje spelast på grunn av dei trasige vêrtilhøva. Vel framme i Eidsvåg måtte difor tilreisande øyningar pakka bagane og gjere vendereis.


– Dette var kjedeleg, men ikkje stort å gjere noko med, seier Vidar Rosnes. – Me var innstilt på vår 8. kamp utan tap i kveld.

Dei to laga vart likevel samd om å prøva att onsdag 9. april. Same tid og same stad. – Eidsvåg si skjebne er derfor berre utsett litt, smiler trenaren.

I mellomtida kan Osterøy sjå fram til treningssamling på Voss neste helg. – Me reiser opp fredag og legg opp til tre treningsøkter og ein kamp før returen søndag middag, seier Rosnes. – Troppen som reiser til Voss består av 20 mann – nesten heile troppen. Det sportslege ubytte av denne helga bør derfor bli betre enn det me har fått ut av sommarleirane våre.

Sjølv om det sportslege er i fokus, legg han ikkje skjul på at det sosiale òg vil få ein viss prioritet på reisa. – Det blir vel litt halløj òg ja, men det høyrer til. Det er med å styrke lagmoralen, sluttar han.