Treningskamp mot Fjell Kam

Søndag 9. mars ventar ein ny test for Osterøy. På Stemmemyren i Sandviken ventar Fjell Kam – klare til å påføra Rosnes sine utvalgte årets første tap.

 

-Me har jobba vidare på 4-3-3 formasjonen som me testa ut med vekslande hell mot Bergen Nord for fjorten dagar sidan, seier Vidar Rosnes. -Har prøvd å tydeligare definera kva oppgåver dei tre på topp skal ha for å unngå at dei går for mykje oppå kvarandre. Me kjem til å prøve oss i denne formasjonen i alle fall ein omgang

 

-Ellers skal me ha fokus på å halda tempo oppe i større delar av kampen en me har klart tidlegare. Går alt etter planen skal Fjell Kam-forsvaret få kjørt seg. Me har mykje fart i dette laget, fortset han. -Utfordringa vår er at me må bli flinkare til å styre kampane.

 

Vidar Rosnes har med seg følgande tropp søndag:  Einar Gjerstad, Eirik Hella, Ole Morten Tysse, Remi, Stein Erik Kollvangsnes, Ronny Hansen, Martin Dyvik, Joachim Solberg, Kim Solberg, Øyvind Øvsthus, Kristian Daltveit, Odd Idar Mjøs, Tommy Kårdal, Thomas Langeland, Ørjan Bysheim, Øyvind Tysse og Heine Solberg