8-åringane på Åsane Cup

Laurdag 8. mars, inntok Osterøys 8-årige fotballspirer den store Vestlandshallen for å delta på Åsane-cup. Me stilte med 2 gutelag og eit jentelag.

Jentelaget fekk nokre fråfall pga sjukdom og hadde berre 3 jenter på kampdagen. Derfor vart ein av gutta lånt inn som keeper. Utan innbyttarar, men med suveren innsats sparka jentene godt frå seg mot laga dei møtte og skåra mange mål. Under vises eit fornøgd, men slitent ”jentelag”.

NØGD OG SLITNE: Mathias Holmelid Elvik, Ingrid Vik Larsen, Mia Holsen Mjelstad og Dortea Mjøs

Det første gutelaget i aksjon fekk ein tøff start i første kamp, men tok seg kraftig opp i dei neste to kampane. Mange mål og godt spel. Under vises eit stolt og fornøgd lag.


GLADE GUTAR:
Besnik Zenelaj, Martin Evensen, Håvard Vesterheim, Steffen Rød Låstad. Fremre rekke: Magnus Vevle, Aleksander Lone og Andreas Hansen Bruvik

Det siste gutelaget i aksjon fekk ein super start i første kamp, mange mål og ein arbeidsledig keeper. Men dei kom fort ned på jorda at, då dei møtte svært gode lag i dei 2 påfølgjande kampane. Mykje løping og god innsats enda opp med ein gjeng slitne og fornøgde gutar.


GOD INNSATS
: Bak f.v: Matias Nese Langeland, Matias Holmelid Elvik og Øyvind Simmenes Fotland. Framme f.v: Jørgen Birkelid, Jonas Langeland Tysse, Simen Øksnes og Magnus Gjerstad.