Fotball

Osterøy med stø kurs

Osterøy tok sin sjette siger for sesongen då dei tysdag slo Minde komfortabelt 4-0 heime på Hatland. Dei frammøtte fekk sjå eit solid Osterøy-kollektiv som kjempa og spelte Minde i senk. Osterøy styrka med dette sin posisjon på øverst på tabellen før toppmøtet med Strandebarm fredag.

Les mer Full fart i Osterøy-serien

Det har vore spelt kampar i Osterøyserien ved to høve sidan sist me hadde bilete derifrå; 21. mai og 5. juni. I mai var det Hausvik, medan det i juni var Valestrand/Hjellvik som var motstandar. Her kjem nokre bilder frå begge kampdagane.

Full rulle: Osterøyserien er i full gang. Her er eit bilete frå 5. juni når VHFK sine unge håpefulle var på vitjing på Hatland.

Les mer J16 tok ferie med siger i siste kamp


Bak f.v. trenar Ida Mjelde Hanstvedt, Mariell Kallekleiv, Victoria Mjelde Hanstvedt, Trine Rongved, Maria Dyvik, Marie Myking, Helen Stokke, Silje Nesthus Tyssebotn, Anna Borge Solberg, Stine Agnete Solberg, Karoline Hanstvedt og Tanita Gjerstad Hagebø. Framme f.v. Marlene Tysse, Amanda Helle, Amalie Hanstvedt, Sara Vevle Laastad, Stine Lone Hatland, Marte Vevle og Julie Løtveit. Liggjande framme; Adelin Hanstveit Hjellvik og Dorthe Neu Hatland.

Osterøy/Fotland/Haus sine jenter i årsklassane 1992/93/94 møtte Nymark/Årstad i siste seriekampen i vårsesongen.

Les mer Jenter og Gutar01 på Valestrand


Onsdag 11. Juni var det klart for andre kampdag for 2001-modellane til Osterøy, no skulle dei visa at all treninga hadde gitt resultat! Trenarane Johnny og Reidar hadde delt opp i 3 lag sidan det var 3 kampar som skulle spelast.

 

Les mer Siste heimekamp før ferien!

Tabelltoppen er inntatt, og tysdag kjem Minde for å gi oss ei skrape i lakken. Vidar Rosnes sine utvalgte er stinne av sjølvtillit før bataljen og vil gi flatt jern for å senda bergensarane heim utan poeng.

Still opp på Hatland og følg med når Osterøy skal forsvara tabelltoppen!

Avspark kl. 19.30

Vel møtt

Les mer Endeleg til topps!

Osterøy presterte opp mot årsbeste og hadde god kontroll kampen gjennom mot Norheimsund 2 fredag kveld.  Dette resulterte i 3-0 siger og tabelltopp for dei gul/grøne.

I SKÅRINGSFORM: Ørjan Bysheim skåra igjen mot Norheimsund 2. Fjorårets toppskårar er no oppe i sju fulltreffarar denne sesongen, og er dermed i rute i høve til i fjor.

Les mer Norheimsund 2 på vitjing i kveld!

Det er duka for ny, spanande heimekamp for Osterøy på Hatland. I kveld er det Norheimsund 2 som kjem på vitjing. Kva kan Vidar Rosnes sine utvalde få til mot laget frå Hardanger? Sjå sjølv!

Kampstart er kl 19.00.

Me sjåast på Hatland

Les mer Uavgjort i toppoppgjeret

Det vart ei særs jamn forestilling då Osterøy tok turen til Møhlenpris Idrettsplass og Nordnes laurdag. Begge lag sleit med å produsere store målsjangsar og det heile resulterte i ei mållaus poengdeling.

Les mer Braksiger mot Gneist 2


Gneist 2 viste seg å vera eit nummer for små i gårsdagens kamp på Hatland. Osterøy kjempa gjestane i senk, og spelte til tider attraktiv fotball. 7-1 sto det på tavla då dommaren blas for full tid.

Les mer Storsiger på Stord

-Ein lagsiger, var kommentaren som gjekk att etter at Osterøy sette Solid til veggs på eige kunstgras laurdag. Etter ein litt treg start jobba Osterøy seg inn att i kampen og vann til slutt 4-1 mot laget frå ”Rundstykkebygdo”.

Les mer