Endeleg til topps!

Osterøy presterte opp mot årsbeste og hadde god kontroll kampen gjennom mot Norheimsund 2 fredag kveld.  Dette resulterte i 3-0 siger og tabelltopp for dei gul/grøne.

SOLID SISTESKANSE: Einar Gjerstad spelte nok ein god kamp for Osterøy, og holdt nullen for fjerde gong i år. Osterøy er no det laget i 5 divisjon avd. 1 som har færrast baklengsmål.

-Dette var nok opp mot årsbeste, smiler Osterøy-trenar Vidar Rosnes etter kampen. –Me er botnsolide bakover og held nullen for fjerde gong denne sesongen. Dette trass i at det har vore mange utskiftingar i den bakre firaren. Det er eg svært nøgd med, fortset Rosnes. –Samstundes ser eg at me stadig spelar betre og betre fotball framover. Det lovar godt fram mot dei to 6 poengskampane me skal ha i neste veke. Minde heime og Strandebarm borte er ein tøff avslutning på vårsesongen, men no er me fulle av sjølvtillit. Då passar det bra med tøffe kampar, smiler han.

 

Tre mål på fire kampar

Kampen på Hatland var berre 10 minuttar gamal då Eirik Øvsthus stanga inn 1-0 leiing etter corner frå høgre. ”Den heimkomne sonen” har prega kvar kamp etter returen frå Bali og skåra sitt tredje mål på fire kampar  mot Hardingane fredag.  –Me gjer litt småfeil kampen gjennom, men vinn likevel komfortabelt, kommenterer midtbanemotoren etter kampen.

 

Etter dette foregår det meste av spelet mellom 16-metrane på Hatland. Osterøy må seiast å ha kontroll på dei grønkledde gjestane, som berre er innom hos Einar Gjerstad på eit par dødballsituasjonar. Den solide sisteskansen ryddar imidlertid opp i det meste som kjem, og Norheimsund kjem soleis ikkje til ein einaste målsjangse dei første 45.

 

For Osterøy er Ørjan Bysheim farlig frampå eit par gonger, men det ebbar ut med 1-0 leiing til heimelaget til pause.

 

Stålkontroll

Andre omgang byrjar slik den første sluttar. Spelet foregår mest på midten, men Osterøy må seiast å ha eit lite overtak.  Me registrerer heller ikkje ein einaste målsjangse for bortelaget i denne omgangen heller. Øyvind Øvsthus og Ronny Hansen regjerer  både i lufta og langs bakken  og med Ole Morten Tysse og Martin Dyvik på kvar si side, ryddar dei unna det som kjem.

 

Kistesnekkar’n Bysheim

Etter vel ein halvtime av omgangen klarerer Jens Lillefosse eit framstøt frå Norheimsund. Løpsviljuge Thomas Langeland plukkar opp ballen og set fart nedover høgresida. Inne framfor mål kjem etterkvart Ørjan Bysheim opp, innlegget frå Langeland er perfekt. Bysheim gjer ingen feil, og hamrar inn det som viser seg å verta den nest siste spikaren i NIL-kista. Dette var Ørjan Bysheim sitt sjuande mål for sesongen, og han er dermed i rute høve til fjorårsesongen.

 

Kårdal avgjer

Bysheim vert etter dette erstatta av unge Tommy Kårdal. Kårdal skåra i forrige innhopp heime mot Gneist 2, og det går ikkje  lang tid før han er i farten denne kvelden heller. Etter berre nokre minuttar på bana klarar han på mirakuløst vis å sette ballen utanfor frå kloss hald. Eit frustrerande sukk kan høyrast frå dei frammøtte på Hatland. Det ville vore punktum for den resterande spaninga i kampen. 

 

Kårdal brukar imidlertid ikkje lang tid på å riste av seg skuffelsen. Berre fem minuttar før full tid er han på plass igjen. Og denne gongen gjer han ingen feil. På ein corner frå venstre stig han opp på bakerste stolpe og stangar knallhardt inn sluttresultatet til 3-0. Ein maktdemonstrasjon av 18-åringen.

-Eg har venta på dette, smiler Rosnes etter dette. –Tommy viste strålande takter då me starta oppkjøringa i vinter. Han vart dessverre slitt med ein skade etter turneringa på Valestrand. No er han på full fart inn at. Han kjem nok til å få sine sjangsar utover sesongen, sluttar Rosnes

 

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Stein Erik Kollvangsnes (Ole Morten Tysse), Øyvind Øvsthus, Ronny Hansen, Martin Dyvik, Jens Lillefosse, Kim Solberg (k), Eirik Øvsthus, Joachim Solberg, Thomas Langeland, Ørjan Bysheim (Tommy Kårdal)