J16 tok ferie med siger i siste kamp

Osterøy/Fotland/Haus sine jenter i årsklassane 1992/93/94 møtte Nymark/Årstad i siste seriekampen i vårsesongen.

 

Bak f.v. trenar Ida Mjelde Hanstvedt, Mariell Kallekleiv, Victoria Mjelde Hanstvedt, Trine Rongved, Maria Dyvik, Marie Myking, Helen Stokke, Silje Nesthus Tyssebotn, Anna Borge Solberg, Stine Agnete Solberg, Karoline Hanstvedt og Tanita Gjerstad Hagebø. Framme f.v. Marlene Tysse, Amanda Helle, Amalie Hanstvedt, Sara Vevle Laastad, Stine Lone Hatland, Marte Vevle og Julie Løtveit. Liggjande framme; Adelin Hanstveit Hjellvik og Dorthe Neu Hatland.


Jentene var fulle av sjølvtillit og opna veldig bra, dette resulterte ganske tidlig i 1-0 leiing ved Dorthe Neu Hatland. Osterøy/Fotland/Haus dominerte spelet i heile 1. Omgang og Stine Lone Hatland scora 2 mål slik at jentene kunne gå til pause med ei komfortabel 3-0 leiing.

I 2. Omgang kom Nymark/Årstad meir med på bana og dei reduserte til 3-1, men Osterøy/Fotland/Haus hadde kontroll over kampen og sikra resultatet.

Dermed kan jentene ta ferie på andre plass i si pulje etter å ha vunne 4 kampar og tapt 2 i vårsesongen. Trenar Ida Mjelde Hanstveit har gjort ein flott jobb med laget og me ser fram til ein god høstsesong!

 

Aktivitetar

03 mar
05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar