Osterøy med stø kurs

Osterøy tok sin sjette siger for sesongen då dei tysdag slo Minde komfortabelt 4-0 heime på Hatland. Dei frammøtte fekk sjå eit solid Osterøy-kollektiv som kjempa og spelte Minde i senk. Osterøy styrka med dette sin posisjon på øverst på tabellen før toppmøtet med Strandebarm fredag.

 -Ein lagsiger, kommenterte ein nøgd Osterøy-trenar etter kampen. –Me leverer ein solid kamp. Den defensive tryggleiken me no har legg grunnlaget for stadig betre spel framover. I dag spelar me periodevis god fotball, me vinn dei fleste duellane og er rett og slett betre enn Minde i alt me gjer, smiler Rosnes.


Straffe

Osterøy går aggresivt ut i byrjinga av første omgang utan at dei klarar å etablera noko særleg spelemessig overtak.  Etter 10 minutt klarar likevel Osterøy å bita seg fast kring gjestane sin 16 meter, og eit høgt innlegg frå høgre vert etterkvart ”smæsja” ut over dødlinja i god Maaseide-stil av ein Minde-forsvarar.


Eirik Øvsthus, som i går nok ein gong leverte ein solid kamp  saman med Kim Solberg  sentralt på midtbana, stig fram for å ta straffesparket. Keeper går i riktig hjørne, men ballen går i mål og Osterøy leiar 1-0. Dette var Øvsthus si fjerde skåring i år.


 Sjølvmål

Kampen fortset etter dette i samme sporet; Osterøy er aggressive, vinn duellar og spelar seg fram til ein del halvsjangsar. Etter fine kombinasjonar er brått Jens Lillefosse åleine gjennom med keeper, men maktar ikkje få ballen forbi gjestane sin sisteskanse. Også Tommy Kårdal, som fekk sjangsen frå start grunna fråfall frå ein skadd Ørjan Bysheim, har eit par moglegheitar utan å lukkast.


Etter halvtimen spelt, har Osterøy fått frispark ute til venstre og Martin Dyvik gjer seg klar til å slå eit av sine presise innlegg. Når innlegget kjem vert ballen sleiva i mål av ein Minde-forsvarar som prøver å klarere. Eit litt heldig mål til heimelaget, men kven bryr seg? 2-0 til dei gul/grøne.


Meir komikk

Osterøy køyrer no kampen, og snaue 10 minutt etter 2-0 skåringa er det tid for Joachim Borge Solberg. Løpsmaskina på venstrekanten har hatt ei stigande formkurve i det siste og har notert seg for eit par skåringar allereie.  Han skrur ein conrer frå høgre rett i mål bak ein noko tafatt målvakt. Osterøy går med dette til pause med ei komfortabel 3-0 leiing, og lått og skroving vert registrert frå tribuna.


Spelekåt Øyvind Tysse

Etter kvilda går Osterøy ut i same høge tempo som i første omgang, og har god kontroll på det meste. Det vert til tider litt strekk i laget, men ein hentar seg fint inn etter instruksar frå Rosnes på sidelinja. Osterøy sine to sentrale duoar – Øvsthus/Solberg på midten og Tysse/Hansen bak – har ein god dag på jobben og samarbeidet mellom backar og kantar fungerer godt.


Etter 10 minuttar spel vert Tommy Kårdal bytta ut med Øyvind Tysse. Tysse har vore ute 4-5 kampar med skade, og trente først for fullt så seint som mandag. Ein kune sjå at han hadde gleda seg til dette; han styrta ut på bana og kasta seg i kvar einaste duell han hadde mulighet til, gikk på løp og involverte seg mykje i spelet.


Etter å ha vore på bana i 10-15 minuttar lukkast han. Ein corner frå venstre vert halvklarert i beina på Tysse på ca 16 meter. Han dreg seg fint forbi sin oppassar og knallar inn 4-0.

-Godt å ha Øyvind Tysse tilgjengeleg att, smiler Vidar Rosnes etter kampen. –Med Øyvind attende i aksjon og Tommy Kårdal på full fart oppover har me etterkvart mange alternativ på topp.  Berre no Ørjan blir skadefri. Me får bruk for dei alle på fredag mot Strandebarm.


Ein jury på Hatland kåra Ole Morten Tysse til Dagens Ostring. –Fortent, kommenterer trenaren. –Ole har prestert fantastisk over tid no og var stor i dag. Han renska unna det som kom. Kjempekamp, avsluttar trenaren.


Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Andreas Kollvangsnes (Odd Idar Mjøs), Ole Morten Tysse, Ronny Hansen, Martin Dyvik, Jens Lillefosse, Eirik Øvsthus, Kim Solberg (k), Joachim Borge Solberg, Thomas Langeland (Heine Solberg), Tommy Kårdal (Øyvind Tysse)  

 

Aktivitetar

18 feb
Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass
23 feb