Braksiger mot Gneist 2

Gneist 2 viste seg å vera eit nummer for små i gårsdagens kamp på Hatland. Osterøy kjempa gjestane i senk, og spelte til tider attraktiv fotball. 7-1 sto det på tavla då dommaren blas for full tid.

 



På skåringslista:
Øyvind Øvsthus teikna seg på skåringslista og presterte bra mot i kalassigeren mot Gneist 2 onsdag kveld

-Eg er sjølvsagt nøgd med resultatet – og spelet til tider. Me slepp oss litt ned i periodar, men tek oss sjøl i nakken og hevar oss igjen. Godt å sjå at det no ser ut til å for alvor ha løsna framover på bana, kommenterer Vidar Rosnes etter kampen.

 

Tidleg leiing

Kampen er vel kvarteret gammal når Osterøy tar leiinga. Joachim Borge Solberg har tatt vegen ut for å ta ein corner frå høgre. Den innoverskrudde serven vert møtt av Eirik Øvsthus på 4,25 meter og det står 1-0 til Osterøy.

 

Kampen bølgar litt fram og tilbake det neste kvarteret, men Osterøy har god kontroll på dei ballspelande Gneist-spelarane. Einar Gjerstad i Osterøy-målet vert ikkje sett på dei aller største prøvane, og etter ein drøy halvtime doblar Osterøy leiinga ved Joachim Borge Solberg. Han mottek ballen inne i feltet, slår ein frekk tunnel på ein Gneist-forsvarar og set ballen kaldt og roleg i mål åleine med keeper. Ei fin skåring av venstrekanten.

 

Berre minuttar før laga går av bana før kvilda, kombinerer brødrene Øvshus fint i angrep. Eirik har tatt turen oppover frå sin midtstoppar-plass og speler broder Øyvind fint gjennom Gneist-forsvaret. Han heldt hovudet kaldt og knallar inn tremåls-leiing til pause.

 

Rufsete start

Andre omgang byrjar ikkje like bra for Osterøy, som fell tilbake i sporet frå tidlegare i sesongen. Det vert slått mykje upresist i bakrom, og Gneist-stopparane har ei enkel oppgåve med å rydde opp. Paradoksalt nok er det ein langpasning som fører til Osterøy sitt fjerde for dagen. Etter 65 minutt klarerer Øyvind Øvsthus frå eigen 16 meter. Løpsviljuge Thomas Langelend kjempar til seg ballen ute på høgre kanten og slår 45 grader ut til Kim Solberg som kjem i full fart bak frå. Han ekspederer ballen vidare til Ørjan Bysheim som viser at skuddfinta framleis virkar. Mens Gneist-stopparen er i bua til Gerd Karin og et vaflar står Bysheim att åleine med gjestane sin keeper. Ballen vert plassert med største ro ned i venstre hjørne til 4-0.

 

For lite, for seint

Gneist svarar berre 5 minuttar seinare. Etter slurvete Osterøy-spel kjem eit innlegg frå høgre blir. Ballen blir møtt med ein pannebrask. Einar Gjerstad strekkjer seg i full lengde, men er ikkje i nærleiken. Trenar Rosnes gjer grei beskjed om kva han meiner; – Unødvendig, tordnar han frå sidelinja.

 

Gneist-målet er likevel for lite, for seint. Kvarteret før slutt er nemleg Joachim Borge Solberg på farten nedover venstre sida. Denne gongen er det Gneist sin høgreback som tar turen i bua etter vaflar etter ein utsøkt tunnel. Innlegget frå Solberg endar hos Eirik Øvsthus som dreg seg forbi to mann og knallar ballen i nota.

 

 

Kalas

Sigeren er sikra og Osterøy gjer nokre bytter. Steffen Gjøstein og Tommy Kårdal får speletid på bekostning av Kim Solberg og Thomas Langeland. Det går ikkje lang tid før unge Kårdal er i sentrum. På nokre av sine første ballberøringar dreg han seg fri frå sin oppassar og trillar ballen til ein framstormande Ørjan Bysheim, som enkelt kan setta ballen i det tomme målet. Bysheim sitt andre for dagen, og femte (!) på dei tre siste kampane.

 

Samme duo er på farten 5 minuttar seinare, men denne gongen er rollane bytta om. Osterøy kontrar og Bysheim er på tur nedover venstrekanten. Han skjer inn mot mål og slår på tvers inn til Tommy Kårdal. Kårdal misser på første forsøk, men plukkar opp returen og set den i mål til sluttresultatet 7-1.

 

-Som sagt; eg er nøgd med resultatet og store delar av prestasjonane. Me speler fin fotball i periodar, men dett litt nedpå i periodar, seier Vidar Rosnes. Ein jury på Hatland kåra Øyvind Øvsthus til dagens Ostring. -Øyvind klarte seg bra, men for meg er Ørjan Bysheim vår beste mann i dag. Han gjer ting riktig heile tida og er involvert i nesten alt me gjer offensivt. No toppar han skåringsstatistikken òg. Elles var Eirik god, men han har framleis meir å gå på, avsluttar Rosnes

 

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Jens Lillefosse, Ole Morten Tysse, Eirik Øvsthus, Martin Dyvik, Odd Idar Mjøs (Øyvind Tønjum), Kim Solberg (Steffen Gjøstein), Øyvind Øvsthus, Joachim Solberg, Thomas Langeland (Tommy Kårdal), Ørjan Bysheim.