Storsiger på Stord

-Ein lagsiger, var kommentaren som gjekk att etter at Osterøy sette Solid til veggs på eige kunstgras laurdag. Etter ein litt treg start jobba Osterøy seg inn att i kampen og vann til slutt 4-1 mot laget frå ”Rundstykkebygdo”.

SKÅRA TO: Ørjan Bysheim er på veg mot fjorårsformen. Mot Solid laurdag skåra han to og varta opp med mykje godt spel.

-Eg var litt spend på korleis den nykomponerte forsvarsfiraren skulle fungere, seier Vidar Rosnes etter kampen. Med spelarar som Ronny Hansen, Stein Erik Kollvangsnes, Remi Markussen og Andreas Kollvangsnes utilgjengeleg måtte Ole Morten Tysse og Eirik Øvsthus gå inn i uvante roller i midtforsvaret. – Det gikk over all forventing, seier Rosnes. – Eirik er banens beste og Ole Morten overtyder stort. Kjempekamp av begge, skryt trenaren.

 

Treg start

Det byrja likevel litt trått for Osterøy. Solid vann alle duellar og var meir på hugget og  etter snaue 10 minuttar skårar dei på ein dødball. Etter litt klabb og babb i feltet vert ballen knalla i nota via stolpen, og det står 1-0 til heimelaget.  Heldigvis klarar Osterøy å svara kjapt på tiltale – med god hjelp av Solid sin høgre back tre minuttar seinare. Eit for slapt tilbakespel vert snappa opp av ein aggressiv Ørjan Bysheim, som aleine med keeper ”lumpar” ballen i mål.

 

-Etter utlikningsmålet følte eg meg sikker på at dette skulle gå vegen, seier Rosnes.  Halvvegs ute i  første omgang byrja  me å vinna duellar, medan Solid-spelarane byrja bli trøtte – og litt sutrete. Me skapte ikkje så mange store sjansar, men eg var sikker på at så lenge me vann duellane ville me få våre mulighetar. Noko som vist seg å stemma bra, smiler han

 

Langeland sitt femte

Knappe fem minuttar før kvilen går det troll i ord for Rosnes. Thomas Langeland brukar farten på eit litt upresist gjennomspel. Det ser lenge ut som om Solid-stopparen og keeper har situasjonen under kontroll, men ”Turbo” vil det annleis.  Langeland pressar seg forbi stopparen og set ballen kontrollert i mål. Osterøy-spissen sitt femte mål på seks kampar. Resultatet held seg til pause.

 

Andre omgang fortset som siste halvleik av den første; Osterøy vinn duellar på midten, men spelar seg ikkje fram til for mange store sjangsar. Solid slepp på si side heller ikkje til for ofte framfor ein god Einar Gjerstad i Osterøymålet. Til det har Osterøy sin bakre firar for god kontroll.

 

Bysheim avgjer

Etter ein drøy halvtime av omgangen vurderer Rosnes å bytta om på brødrene Øvsthus for å sjå om det kan gi meir trøkk framover på bana. Brått er Ørjan Bysheim gjennom åleine med heimelaget sin keeper. Han får tenkt seg om både ein og to gonger – noko som resulterer i at keeper reddar meisterleg. 

 

35 sekund etter får han sjangsen igjen. Bysheim mottek ballen på 25 meter i rommet framfor Solid sin forsvarsfirar. Dei raudkledde står som saltstøtter når Bysheim brukar ”kikke-finten” og dreg seg forbi alle fire. Denne gongen gjer han ingen feil aleine med keeper og hamrar spikaren i Solid-kista med liv og lyst – til stor jubel blant dei 4 tilreisande.

 

Nøgd trenar

To minuttar før full tid er den uheldige Solid-backen igjen på tur og set inn sluttresultatet.  Eit langt innkast frå Jens Lillefosse vert stussa vidare av Øyvind Øvsthus og ekspedert i mål av Solid-backen. Dermed vinn Osterøy 4-1 i solskinet i Hustredalen.

 

-Eg er sjølvsagt svært nøgd, seier Rosnes etter kampen. -Me kjempar dei sund, og spelar meir fotball enn me gjorde innleiingsvis i sesongen. Ei fin oppfølging etter sigeren mot Søre Neset. Dette viser at me er på rett veg, fortset han. –Om ein skal dra fram enkeltspelarar etter ein slik laginnsats må det verta Eirik Øvsthus. Han er nyss heimkomen etter tre-fire månader på Bali. Det er ingenting anna enn brunfargen hans som skulle tilseie at det er tilfelle i dagens kamp. Han var meisterleg i midtforsvaret saman me Ole Morten.  Det er godt å endeleg han han tilgjengeleg, avsluttar han.

 

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Jens Lillefosse, Ole Morten Tysse, Eirik Øvsthus, Martin Dyvik, Odd Idar Mjøs (Heine Solberg 5 min), Øyvind Øvsthus, Kim Solberg (k), Joachim B. Solberg (Steffen Gjøstein 5 min) Thomas Langeland (Øyvind Tønjum 35 min), Ørjan Bysheim.