Fotball

KLARE FOR 4. DIVISJON

Det vart unaudsynt spanande på Hatland laurdag ettermiddag, men Osterøy kunne etterkvart sleppa jubelen laus etter at laget vann 3-2 mot Strandebarm. Dermed er det berre syltynne teoriar som kan ta frå laget opprykk til 4. divisjon.

Les mer Månadens Fair Play kamp

Hordaland Fotballkrets har plukka juniorkampen mellom Osterøy og Fana tysdag 7.10 til månadens Fair Play kamp. Kampen går klokka 20.00 i Fotlandsvåg. Møt fram til siste kamp for sesongen! Les kva ein Fair Play kamp er her.

Les mer Siger i Hardanger – ein fot i 4. divisjon

Osterøy vann søndag ettermiddag 3-1 mot Nordheimsund 2, etter ein "slitekamp" i Hardanger. Opprykksrival Solid snubla mot Nordnes laurdag noko som gjer at Osterøy no står med ein fot i 4. divisjon.

Les mer Attende på opprykksporet

Etter heimetap mot Solid forrige helg og uavgjort mot overkommelege Gneist 2 i midtveka, var endeleg Vidar Rosnes sin utvalde attende på vinnarsporet. Nordnes vart nedsabla på det grøne Hatlandsgraset laurdag ettermiddag

Les mer ATTENDE PÅ TOPPEN

Osterøy er attende på tabelltoppen etter ein komfortabel 5-1 siger borte mot Fusa i går kveld.  Heimelaget var aldri i nærleiken av å truge Vidar Rosnes sine utvalgte som gjorde som dei  ville i tussmørkre i Fusa.

ROYALE RONNY REGJERTE: Ronny Hansen spela ein botnsolid kamp og var konge i midtforsvaret under onsdagens kamp mot Fusa (Arkivfoto)

Les mer Osterøyserien i full gong att

2001- årgangen til Osterøy, som no har byrja i 2. Klasse, var onsdag kveld klar for sin andre haustkamp-kveld i Osterøyserien. Første kampane var i Haus der det vart tap for både jentene og gutane.

SOLID MÅLVAKT: Tiril var som vanlig knalltøff i mål!

Les mer Osterøy J/G2000 i Kvernbit Cup

Osterøy sine guter og jenter 2000, reiste lørdag 30.08.08 til Kvernbit Cup, på Frekkhaug.Veret var fint, og alle var nok spente på det som skulle skje.

Les mer Poengdeling mot Søre Neset

Det gjekk ikkje som ein hadde håpa på mot Søre Neset på Hatland fredag. Når grepet om 2. plassen skulle festast klarte Vidar Rosnes & co berre uavgjort mot gjestane frå Os.

Les mer Oppmuntande resultat i opprykkskampen

Den verste skuffelsen frå fredagens heimekamp er ikkje meir enn så vidt fordøyd då denne meldinga kom sundag kveld: Gneist 2 – Øystese  4-3.

Les mer INNSPURT I FUGLEDALEN – Dugnadsinnkalling

No nærmar det seg med storsteg i Fugledalen. I dette høvet kallar foballgruppa inn til DUGNAD. Det er fleire oppgåver som skal fordelast blandt friviljuge for at baneprosjektet skal ferdigstillast.

Les mer