Attende på opprykksporet

Etter heimetap mot Solid forrige helg og uavgjort mot overkommelege Gneist 2 i midtveka, var endeleg Vidar Rosnes sin utvalde attende på vinnarsporet. Nordnes vart nedsabla på det grøne Hatlandsgraset laurdag ettermiddag


-Eg er svært nøgd med resultatet. Spelemessig var me litt opp og ned. Måten me framstår på i slutten av første omgang kan me ikkje vera bekjent av. Det viktigaste i dag var uansett poenga, seie Vidar Rosnes etter kampen.

-No er det slik at om me vinn våre resteranda kampar rykkjer me opp. Den suverene målskilnaden vår gjer at me er ikkje avhengig av resultatet i andre kampar. Me kan ha full fokus på å gjere vår jobb og vite at det er nok, fortset Osterøy-trenaren før han legg til; -Men kampane skal spelast først. Me tek ikkje opprykket på forskudd, men opprykksdraumen er absolutt reell.

Tidleg leiing
Kampen var berre snaue kvarteret gammal då Thomas Langeland gir Osterøy leiinga. Han knallar ballen i mål frå 12-14 meter etter å ha drege seg fri frå sin oppassar. Eit kjærkoment mål for Thomas som har jobba utrøytteleg heile sesongen og eit viktig mål for tynnslitte Osterøy-nervar.

Berre fem minuttar etter er spisskollega Ørjan Bysheim frampå. Han forstyrrar Nordnes-forsvaret i oppspelsfasen, stel ballen frå ein uoppmerksam forsvarar og styrtar mot mål. Bysheim rundar keeper i god, gammal "George Best-stil" og trillar ballen inn i det tomme målet. Dette var Bysheim sitt tolvte mål denne sesongen.

Foten av gassen
Alle sit og lurer på kor stor sigeren skal verta, men i staden for å høvla over gjestane tek Osterøy foten av gasspedalen og slepp Nordnes inn i kampen att. Gjestane får spela sitt spel og er farleg frampå eit par tre gonger. Keeper Einar Gjerstad er berre tilskodar når ballen smell i tverrliggaren ved eit høve. Heldigvis klarar ikkje Nordnes omsetje nokon av sjangsane i teljande resultat og laga går til pause på stillinga 2-0.

Ein spikar…
Det tar Osterøy 25 minuttar av 2. omgang å pungtere kampen. Stoppar-bauta Ronny Hansen, som hadde ein særdeles god dag på jobb i Osterøy si bakre rekke, skårar sitt femte for sesongen etter ein corner frå høgre. Hjørnesparket frå kaptein Kim Solberg vert stussa vidare på første stolpe. 100 kilo Hansen kjem i fart like bak og set ballen kontant i mål med høgre foten (!).

To spikar…
Berre fem minuttar seinare er Osterøy frampå på ny. Torbjørn Hovden brukar den slepne teknikken sin til å lure nærmaste Nordnes-forsvarar bort i vaffel-køen. Lite populært blandt tilreisande forsvarsspelarar; det neste Hovden veit er korleis det nysådde Hatlandsgraset smakar. Straffe til Osterøy. Ørjan Bysheim er sikker som banken frå krittmerket – 4-0 til heimelaget.

Tre spikar!
Osterøy spelar no fin fotball. Dei kombinerer fint og spelar med tempo på ballen. Eirik Øvsthus vil vera med på moroa og raidar venstre sida i kjent energisk stil. Inne framfor mål går unge Øyvind Tønjum på gras. Øvsthus slår ut 45 grader og Tønjum skårar sitt første a-lagsmål. Tønjum har gjort fleire gode innhopp denne sesongen og det var svært fortent at innsatsen hans vart krona med eit mål.

Litt seinare får Kristian Daltveit samme mulighet som Tønjum, men klarar på mirkauløst vis å sette ballen over mål fra ca 22 cm. Alt i alt ein betre prestasjon enn det hadde vore om han fekk ballen i mål. På stillinga 5-0 kan ein likelvel ta det med eit smil, noko Daltveit sjølv óg gjorde.

Fotnote: Gneist 2 – som holdt Osterøy til 1-1 i midtveka – fann det ikkje for godt å møte opp til bortemøtet mot Solid. Opprykksrivalane fekk dermed 3 poeng og 3 plussmål utan å svette. Øystese sikra sin posisjon på toppen etter siger 2-1 i lokaloppgjeret mot Strandebarm. Søre Neset tapte heile 4-1 heime mot Kjøkkelvik.