Osterøyserien i full gong att

2001- årgangen til Osterøy, som no har byrja i 2. Klasse, var onsdag kveld klar for sin andre haustkamp-kveld i Osterøyserien. Første kampane var i Haus der det vart tap for både jentene og gutane.

 

Denne kvelden var det Valestrand som stod for tur og våre jenter og gutar gjekk på med krum hals. Valestrand har kun gutelag med i Osterøyserien, så då vart det blanda lag for våre spelarar.

Første kampen enda med 7-2 seier til Valestrand, medan sluttresultatet i andre kampen vart 4-2 til vertslaget.

Uansett så var det mykje kjemping av andreklassingane våre og me er ikkje i tvil om at dei kjem sterkt tilbake.

Maria, Vetle, Nora og Martine K prøver å lura ein Valestrand spelar.

Jan Morten på ein stor målsjanse for Osterøy.

Andreas B og Jonathan i full aksjon.

Herman, Stian, Bendik og Madelen jaktar på eit Osterøymål.

Snorre, Ingvild og Jonathan kjempar på.