Poengdeling mot Søre Neset

Det gjekk ikkje som ein hadde håpa på mot Søre Neset på Hatland fredag. Når grepet om 2. plassen skulle festast klarte Vidar Rosnes & co berre uavgjort mot gjestane frå Os.

-Ut i frå spel og sjangsar er det eit greit resultat. Dei var best i første, medan me var best i andre omgang. Med litt flaks kunne me ha fått med oss alle poenga, seier Vidar Rosnes etter kampen. –Det blir for mykje ein-og-ein i kveld. Me opptrer utan samhandling i det offensive spelet og får ikkje flyt og rytme i angrepa våre. Det blir enkelt for Søre Neset å rydde opp og komme kontra.

 

Usikkerhet

Dei første fem minuttane av kampen låg Søre Neset lågt i bana og inviterte Osterøy til å spela ball. Då heimelaget ikkje lukkast med dette tok gjestane mykje godt over banespelet. Søre Neset spelte med ein sentral midtbanetrio som fekk styra kampen slik dei ville. –Ankeret på Søre Neset si midtbane var god. Han var ikkje med sist me møttest og spelte ei avgjerande rolle for dei i dag, kommenterer Rosnes.

 

Sjølv med eit lite spelemessig overtak klarte ikkje gjestane å spele seg til mange sjangsar og omgangen ebba etterkvart ut.

 

Stolpe ut

Andre omgang starta litt betre for Osterøy, men heimelaget klarte heller ikkje denne omgangen å etablere noko spel.  Det vart mange soloraid og når ein sjeldan gong kom til innlegg var boksen fri for gule og grøne. Slikt vert det ikkje mål av. Ein innsåg etterkvart at om det skulle bli tre poeng måtte Ørjan Bysheim dra fram litt kvardagsmagi frå distanse.


Og Ørjan prøvde verkeleg. Tre, fire skot frå distanse nærma seg stadig og smalt til slutt i stolpen. Det næraste Osterøy kom i kampen, som til slutt enda 0-0.

-No mista me sjangsen til å skaffe oss ei luke til 3. plassen, sukkar Rosnes etter kampen. -Øystese spelar søndag mot Gneist 2, og me må nesten rekna med at dei vinn, men det er mange kampar att. Det er framleis opp til oss sjølve, avsluttar Osterøy trenaren