Osterøy J/G2000 i Kvernbit Cup

Osterøy sine guter og jenter 2000, reiste lørdag 30.08.08 til Kvernbit Cup, på Frekkhaug.Veret var fint, og alle var nok spente på det som skulle skje.

 

Osterøy stillte med tre lag, men sidan det var litt fråfall av spelarar, vart det ingen innbyttarar på laga.

Alle tre laga spelte tre kampar kvar.Osterøy scora mange mål, og slapp inn nokon og.Det var nok stritt å spela tre kampar kvar på relativt kort tid utan innbyttarar, men sjølv om spelarane kanskje vart litt trøytte på slutten , så gjorde dei ein kjempeinnsats alle saman!Veldig godt jobba, alle jenter og guter på laget!!

 

Det vart både seier og tap i kampane, men resultatet var ikkje så nøye.Alle fekk nemleg kjempefin premie! Når kvart lag sine kampar var slutt, stillte laga opp , og marsjerte inn i idrettshallen til flott musikk, der  det var premieutdeling , og då var alle vinnarar.

 

Må til slutt få skryta litt av det supre arrangementet, som verka  vera veldig godt organisert, og det var  kjekt å vera med på.Spesielt den fine ramma rundt premieutdelinga var flott for ungane.

BILDESPESIAL:

Aktivitetar