Fotball

Tine Fotballskule i haustferien

I år som i fjor vert det arrangert TINE Fotballskule i haustferien! I fjor var omlag 60 påmeld, og i år satsar me på at me får med fleire.

Les mer Berre nesten for Jenter 12.

Tysdag 03.09.13 spelte Jenter kamp mot Arna Bjørnar på ei heilt ny kunstgrasbana i Ytre Arna.

Andrea gjorde ein flott kamp!

Les mer Kalassiger i haustpremieren

Biletet: Øyvind Øvsthus, her i kamp mot Os 2, var god mot Nordre Fjell og delte «Dagens Ostring» tittelen med Bjarte Vik Larsen

Laurdag vart haustsesongen sparka i gang på den strøkne grasmatta på Hatland då Nordre Fjell kom på vitjing. Og for ein start på hausten det vart. Etter ein mållaus og tam første omgong, vart andre omgong reine overkjøringa.

Les mer Vik Larsen attende når Osterøy tek i mot Nordre Fjell

Biletet: Bjarte Vik Larsen har ikkje vore på bana denne sesongen grunna skade. Laurdag er han attende og me gleder oss!

Laurdag sparkast endeleg haustsesongen igang igjen i 4.divisjon. Osterøy tar imot Nordre/Fjell heime på Osterøy stadion på det som vert den første kampen på grasbana denne sesongen.

Les mer Stillingsannonse: Medarbeidar – Telenor Xtra Osterøy

I samband med oppstart av «fotballfritidsordninga» Telenor Xtra Osterøy søkjer me no etter ein medarbeidar for tilsetjing.

Les mer Klart for Telenor Xtra Osterøy

Det vert «fotballfritidsorning» til hausten!

Les mer Eidfjord cup

2001-laget storspilte i Eidfjord-cup

Les mer Suksessjentene!

Jenter 12 avslutta vårsesongen med nok ein siger!

Andrea.

Les mer Real ketsjuppeffekt for Osterøy-damene

Biletet: Line Loftås Kåstad opna skåringsballet mot Tertnes søndag. Her vert ho gratulert av Cassandra Presthus og Kaja H. Herfinndal etter skåring mot Hordabø tidlegare i sesongen

Osterøy sitt damelag spelte søndag ettermiddag kamp borte mot Tertnes. Laget har heva seg mange hakk sidan debutsesongen i fjor, og i følge trenar Arne Johan Larsen er det berre måla som har mangla. Søndag ordna det seg.

Les mer Surt bortetap mot Trio

Biletet: Rutinerte Kim Solberg vart «Dagens Ostring» då eit ungt OIL-lag tapte mot Trio laurdag

Lørdag spelte Osterøy sin siste kamp før sumarpausen. Kampen gjekk på Husnes mot Trio. Det viste seg raskt at dette kom til å verta ei tøff oppgåve for det unge mannskapet.

Les mer