Reigstad 20.4.
Sigrid bru Reigstad løyperkord i 600m løypa på tida 1.53,6 (tidlegare rekord Ida Lampe 1.53,7 i 2004)
Les mer Sterk siger heime mot Os 2

Biletet: Øyvind Øvsthus var, som han var mot NHH, eit konstant uromoment for Os 2 forsvaret laurdag. Han teikna seg ōg på skåringslista.
Osterøy var vertar for fjorårets KM-finale motstandar Os 2 på Hatland laurdag ettermiddag. Dei gul/grøne leverte ein god kamp og vann til slutt heile 5-1 – med fem forskjellige målskårarar.
Les mer Valestrandsmarka Rundt 201316,01 Sigbjørn Reigstad og 20,14 Anette Bru dagens raskaste.
Thomas Strøm Langeland var frisk i oppgjeret mot NHH i Fugledalen onsdag kveld. (Arkivfoto)
Osterøy slo tilbake etter den svake seriestarten, og tok tre viktige poeng etter 3-1 mot NHH på Hatland onsdag.
Les mer Seriestart for G13
Etter å ha beseiret Smørås 8-3 i siste treningskamp, møtte vi sterkere motstand i 1/8 dels finalen i Varegg Cup. Her reiste vi hjem med 1-5 tap mot Os, etter en kamp i et forferdelig snøvær. Alvoret nærmet seg og vi fikk se hva som var forventet av oss.
Les mer Må reise kjerringa mot NHHIkveld er det ny seriekamp for a-laget – den første i år på eige gras – når NHH vitjar kunstgraset i Fugledalen. Kampen er ein framskunda kamp frå runde 11.
Les mer Haustrimmen 2013
Veteran Ørjan Bysheim viste laurdag at han framleis veit kor målet står. Likevel vart det 3-1 tap borte mot Nordre Fjell (Arkivfoto)
Osterøy fekk ein tøff start på årets sesong då dei vitja Nordre Fjell på Ågotnes på laurdag. Eit hardtarbeidande heimelag kjempa det unge Osterøy-laget ut av stilen, og gjekk til slutt av bana med ein klar 3-1 siger.
Les mer Tap i premieren for damelagetOgså damelaget rauk på eit tap i seriepremiere, borte mot Flaktveit. 2-1 til pause vart til slutt eit klart 5-1 tap. Fortent om ein skal tru rapportane.
Les mer Endeleg seriestart!
Biletet: Joachim Borge Solberg har vore uviss med tanke på å nå seriestarten. I går kom gladmeldinga om at han er klar til dyst mot Nordre Fjell laurdag
I morgon (laurdag) brakar alvoret laus for Osterøy sitt 4 divisjonslag. Dei gul/grøne reiser til Ågotnes for å møta eit anna nyopprykka lag, Nordre Fjell. Sist møte med Nordre Fjell var i sesongen 2011. Då vart det ein klar 6-1 siger på heimebane, medan ein gjekk på eit 4-2 tap på bortebane. Nordre Fjell har ifølgje ulike kjelder forsterka laget kraftig , og dei har gode resultat og visa til i heile vinter. Det er ingen tvil om at det er ein tøff motstandar ein møter i morgondagens premiere.
Les mer