Tap i premieren for damelaget

Flaktveit kom best i gong og gjekk opp i tomålsleiing allereie etter kvarteret. 1-0 kom allereie etter tre minuttar. Dermed vert det ein tøff jobb for Osterøy å koma tilbake i kampen. Osterøy-damene kjempar ihuga for redusering, og klarar etterkvart å jobba seg til nokre målsjangsar. Diverre vert ingen omsett i teljande resultat. Minuttet før pause lukkast dei endeleg på ein corner. Forsvarspelar Trine N. Teigland tenner med si redusering håp om poeng.

Etter pausen legg Osterøy seg litt bakpå og let heimelaget ta initiativet i kampen att. Dei taper dei fleste duellane og har ikkje lukka med seg i avgjerande situasjonar. Flaktveit nettar tre gonger og fastset sluttresultatet til 5-1.

Sjølv om det er framgong å spora frå fjoråret, var det eit steg tilbake mot Flaktveit. Damene må difor kromma nakke å jobba vidare fram mot neste serierunde. Då vitjar Stord Osterøy stadion. Kampstart klokka 13.00.

– Dårleg, er lagleiar Siri Beate N. Hella sin komentar etter kampen. – Me er betre enn dette og taper fortent. Eg er ikkje nøgd med dommaren, men i dag hadde det nok blitt tap uansett. Me ville ikkje nok, seier Hella.

Aktivitetar

03 mar
05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar