Må reise kjerringa mot NHH

NHH vann sin første kamp 2-1 over Trio og fekk dermed ein god start på sesongen. Førre gong Osterøy møtte NHH var i sesongen 2011. Då vart 2-1 tap på bortebane, medan Osterøy fekk revansj på heimebane og vann 1-0.

For Osterøy sin del er det viktig å reisa seg fort etter den svake sesongstarten førre laurdag. Torbjørn Hovden er attende i troppen, medan Martin Hole Hanstvedt og Bjarte Vik Larsen diverre framleis er på skadelista. Trendarduoen fortel at dei kjem til å gå tilbake til den vande 4- 2- 3- 1 formasjonen, etter å ha gått ut i 4-4-2 i borte mot Nordre Fjell. Ein kan også venta at Torbjørn Hovden går rett inn i startellevaren. Veteranane Kim Solberg og Ørjan Bysheim er også høgaktuelle frå start.

Forutan Torbjørn Hovden er kamptroppen den same som i lørdagens kamp.

Me oppmodar alle med interesse for Osterøy å stilla opp i Fugledalen ikveld, slik at laget får den naudsynte støtta frå tribuna. Kampstart er kl. 19.00! Kiosken er sjølvsagt open. Bill.pris for vaksen er kr. 50,-