Endeleg seriestart!

For Osterøy sin del har oppkjøringa for det meste vore oppløftande. Mange treningskampar er vorte spelt, med gode resultat. Det starta med 6-1 siger mot Askøy, etterfulgt av 7- 4 tap mot Brann 3. Etter dette var det tre treningskampar i Vestlandshallen med følgande fasit; 5-1 siger mot Eidsvåg, 6-4 siger mot Bergen Nord og uavgjort mot Hovding.

I løpet av vinteren har laget fått fire nye forsterkningar til a-lagstroppen. Ungguten Kristian Tysse frå Fotlandsvåg kom allereie i fjor haust/vinter og tidleg i januar signerte også Martin Hole Hanstvedt. Etterkvart som treninga tok til fekk me også positive tilbakemeldingar frå Kim Solberg, Ørjan Bysheim og Andreas Kollvangsnes, som alle vurderte å trappa ned. Heldigvis valde alle å fortsetja ein sesong til. Dermed kom det to nye spelarar i mars ōg; Stig Roar Bruvik, som kjem ifrå Hausvik og Torbjørn Hovden som kjem frå Arna-Bjørnar. Det er difor ein solid spelarstall som tar fatt på årets sesong.

Dei to siste treningskampane for laget var Osterøy-cup. Først slo ein Hausvik 5-2 i semifinalen. Det var dermed klart for finale mot Valestrand/Hjellvik. Den kampen enda 4-4, og gjekk til straffesparkkonkurranse. Den vann Osterøy med 5-4.
 
Morgondagens kamp
Diverre har Osterøy nokre skadeproblem til morgondagens kamp. Bjarte Vik Larsen spelar definitivt ikkje, og Martin Hole Hanstvedt er høgst usikker etter å ha pådradd seg ein strekkskade i førre kamp. I tillegg er Torbjørn Hovden vekkreist og kan såleis ikkje spela. På plussida har både Eirik Øvsthus, Jørgen Vevle og Joachim Borge Solberg meldt seg klar til kamp. Osterøy har difor ein tropp på 18 speleklare og seiersugne karar som reiser til Ågotnes for å kjempa om årets første trepoengar. På grunn av usikkerheten rundt skadesituasjon klarar me ikkje få noko startellevar ut av trenarduoen.
 
Dei som vil følgja årets første kamp «live», må møta opp på Ågotnes kl. 15.00 imorgon. Det går buss frå Lonevåg 12.15 for dei som har lyst å vera med den. Pris for turen er kun kr.100,-. For dei som ikkje har mulighet til å reisa til Ågotnes er det mulig å få scoringsoppdatering på facebook-sida til Osterøy IL.

Me ynskjer dei gulgrøne lykke til i premieren!!