Tøff start for Osterøy

Kampen byrja jevnt og begge lag slo mykje langt utan å skapa dei store sjansane. Utover i omgongen festa heimelaget eit lite grep på kampen og Osterøy sleit med å skapa dei store sjansane. i det 36 minutt får dei også uttelling. Ein dødball vert ikkje klarert av Osterøyforsvaret og ballen vert heada imål frå kort hald. Like etter hadde Osterøy sin største sjanse i 1.omgong. Andreas Kollvangsnes styrer eit frispark mot mål, men keeperen gjer eit tigersprang og får slått ballen til corner. 1.omgang ebbar ut med 1-0 til heimelaget.

I pausen gjer Osterøy eit spelarbytte. Ørjan Bysheim kjem inn for Stian Aasheim. Bysheim treng berre tre minutt på bana før han utliknar til 1-1. På eit frispark frå Jørgen Vevle er han våkent frampå og set returen frå keeper imål. Diverre går det ikkje lenge før heimelaget igjen tar leiinga. Eit frispark frå hjørna av 16- meteren vert slått direkte i lengste kryss. Ikkje lenge etter får heimelaget straffespark. Det vert satt sikkert imål, og brått står det 3- 1 til heimelaget. Etter dette prøver Osterøy å slå tilbake, men klarar kun i korte periodar å setja heimelaget under press. Kampen endar difor med 3- 1 siger til Nordre Fjell.

På ein svak dag for Osterøy kåra ein publikumsjury Eirik Øvsthus til dagens ostring.
 
Allereie på onsdag får Osterøy muligheten til å reisa seg. Då kjem NHH på besøk i Fugledalen. Då er Torbjørn Hovden tilbake, det same er forhåpentlgvis også Martin Hole Hanstvedt. I denne kampen må Osterøy senka skuldrane og spela den fotballen me veit dei er gode for. Me oppmodar alle om å stilla opp i Fugledalen fysrtkomande onsdag kl. 19.00 og støtta heimelaget.
 

NORDRE FJELL – OSTERØY  3-1  (1-0)

Laget: Mathias Riple, Anders Hatland, Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus, Robert Dyvik, Sander M. Solberg (Kim Solberg i 30.min), Jørgen Vevle, Joachim Borge Solberg, Stian Aasheim (ØrjanBysheim i 45.min), Øyvind Øvsthus, Thomas Strøm Langeland (Stig Roar Bruvik i 15.min)
 

Hendelsar:
1-0: 36.min
1-1: Ørjan Bysheim 48.min
2-1: 55.min
3-1: 64.min
 
Gult kort: Ørjan Bysheim