Sterk siger heime mot Os 2

Osterøy opna i eit forrykande tempo og var aggressive høgt i bana frå start. Os 2 fekk ikkje sett i gong noko spel frå sine bakre rekker. Etter omlag kvarteret gav det resultat då Torbjørn Hovden skåra sitt første for sesongen. Berre minuttar etterpå var Hovden nest sist på ballen då Øyvind Øvsthus dobla leiinga med ein flott heading. Etter dette mista heimelaget litt av aggresiviteten og let gjestane koma meir inn i kampen. 

Omlag ti minuttar før halv tid fekk Os 2 frispark frå 18-19 meter. Frisparket vart ekspedert direkte i mål av gjestane sin venstreback på utsøkt vis. Osterøy sleit etter dette med å styre kampen slik som dei ville.

Minuttar før pause får Osterøy frispark ute på høgre kanten. Kim Solberg skrur ballen innover mot keeper, der Eirik Øvsthus og Andreas Kollvangsnes nesten slåst om å få bryta ballbana. Øvsthus får lokkane sine først på ballen, som sprett inn i lengste hjørne. 3-1 vart ōg pauseresultatet.

Torbjørn Hovden spelte på ny ein god kamp og herja til tider med Os sine backar – både på venstre og høgre kant. Mål vart det ōg på driblefanten.

Andre omgang fortset i samme sporet som slutten av første. Os 2 pushar på og er ikkje ufarlege framfor Mathias Riple i Osterøy-buret. Noko teljande resultat klarar dei likevel ikkje å produsere. Då tek  plutselig Osterøy fram go’taktene att. Øyvind Øvsthus mottek ballen på 17 meter og chippar utsøkt over gjestane sitt forsvar. Jørgen Vevle er på veg gjennom med lange klyv, og åleine med keeper gjer «hovmesteren» ingen feil. 4-1 til Osterøy.

Større spiker er sjeldan hamra inn i ei kiste. Her i frå og ut kontrollerer nemleg Osterøy fullstendig, og ti minuttar før slutt fastset unge Kristian Tysse sluttresultatet til 5-1. Også det åleine med keeper. Eit sterkt resultat av Osterøy, som med dette kan ta velfortent helg. Jørgen Vevle vart forøvrig kåra til «Dagens Ostring» av ein einstemmig publikumsjury.

Førstkomande fredag kjem Sandviken på besøk  på Hatland. Kampen har avspark klokka 18. Me sjåast vel?

Osterøy – Os 2   5-1 (3-1)

1-0: Torbjørn Hovden

2-0: Øyvind Øvsthus

2-1:

3-1: Eirik Øvsthus

4-1: Jørgen Vevle

5-1: Kristian Tysse

Laget: Mathias Riple, Andres Hatland, Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus, Robert Dyvik, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Martin Hole Hanstvedt (Kristian Tysse), Øyvind Øvsthus, Torbjørn Hovden (Stig Roar Bruvik) og Thomas Strøm Langeland ( Sander Midtun Solberg)

Aktivitetar

18 feb
Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass
23 feb