Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

- Fabelaktig trenarkurs!

Som ein lekk i at Osterøy i fjor vart klassifisert som NFF Kvalitetsklubb vart det førre helg arrangert trenarkurs i Fugledalen. Trenarar frå samarbeidsklubben vår Fotlandsvåg vart òg invitert med.

Osterøy Fotball har gjennom Kvalitetsklubb sertifiseringar forplikta seg til å ha utdanna trenarar til kvart kull i klubben. I samarbeid med Hordaland Fotballkrets vart det difor satt opp kurs i Fugledalen denne helga. Kurset gjekk over to dagar og inneheldt både ein teoretisk og praktisk bit. Med seg som markørar var Osterøy G2011/12 og G/J2013/14

Instruktør Kenneth Refvik frå HFK fekk gode skussmål frå deltakarane på kurset.

- Han var kjempeflink, fortel ein av kursdeltakarane. - Alle burde hatt dette kurset. Me fekk mange gode tips og eg har etter kurset fått ein heilt ny måte å tenke på når eg legg opp treningane. Me lærte å sette eit mål for kvar økt og finne øvelsar som passa med dette målet. Fabelaktig.

Osterøy Fotball er ein breiddeklubb som lit på dugnadsinnsats frå føresette med hensyn på trenargjerninga. I ein hektisk kvardag kan det vera vanskeleg å ofre ei helg til eit slikt kurs. Spesielt med tanke på all den tida som vert brukt på treningsfeltet i løpet på ettermiddagstid i kvardagen.

- Det sat litt langt inne, men det var definitivt verdt det. Kunne lett tatt ei helg til, var dommen etter endt kurs.

Jobben med å heve kompetansen til trenarane i klubben er ikkje over. Ved anledning vil det bli satt opp nye kurs.

(03.02.22)