NM terrengløp kort løype. Bjerkebanen 20.4.2024

Friidrettsgruppa gratulerer Trygve Feidje Mjelde med ein historisk NM-bronse på Bjerke travbane i dag. (3 km. 9,01).  Trygve er den første mannlege løparen i Osterøy IL som tar NM-medalje i terreng. Frå før hadde han ein 5. plass som beste resultat. Dagens løp var veldisponert og vitnar om ein solid motor, så no gler me oss til resten av sesongen. Trygve såg ut til å ha full kontroll bakover i spurten og slo såpass gode terrengløparar som Eyvind Øygard og Andreas Fjeld Halvorsen. Det var berre 1 sekund bak sølv og fem sekund bak gullvinnar Jakob Boutera, som no er løpar på heiltid.

Jonas Skjerven frå Mjøsdalen hadde ein tyngre dag på jobben og vart nr. 10 i U20-klassen, (2km 6,11) men her var det tett mellom løparane, så det er ikkje langt fram på ein god dag. Tekst BV. Foto: Øystein Øvsthus

Aktivitetar

05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
01 mai
4. div: Tertnes – Osterøy IL
Åstveit Idrettspark
01 mai