Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Mange fine tider på Arna Idrettspark 18.9.2017

Litt av løpargjengen i kveld. I kveld var det dei godt vaksne som leverte best. Kjempepersar på Øyvind og Kjetil på 5000m. No er begge 15-tals løparar.  (foto:BL)

Resultat   
Igjen ein magisk kveld på Arna Idrettspark. 5000m vart nok den store øvinga i kveld To osterøyveteranar og to nornajuniorar jobba alle knallhardt for å sjå 15-talet for første gong. Perfekt harejobb av Per Harald Löfgren Johansen, som drog jamne rundar til 3000m. Derifrå og inn veksla alle fire på drajobben. Ein runde før mål var dei nokre sekund bak 16 blank skjema, men ein sisterunde rundt 70 fiksa biffen. Norna-Salhus tok sigeren med 15.56.80 på Bjørn Rusten Lundberg, Kjetil Monstad 15.57.73, Øyvind Bjordal 15.58.40 og Torbjørn Espeseth 16.06.83. Personlege rekordar på heile bunten. Trygve Feidje Mjelde gjorde ein flott drajobb for Magnus Gjerstad i eit forsøk på å klara under 15-blank på 5000m. Dessverre var ikkje ein tøff forkjølelse heilt ute av kroppen til Magnus, så både haren og han stod av etter 3000m. Her tok me ein sjanse og gav det eit heilhjarta forsøk, men utan å lukkast denne gongen. Satsinga var det ingenting å seia på. Det må nemnast at Trygve kort tid etterpå var hare for Bjørnar Lillefosse på 800m, og gjorde ein like perfekt harejobb med 55 på første 400m. Trygve sprang klokkejamnt i 500m. 
På 1500m imponerte Kurt Vatle nok ein gong med tida 5.21.03. Noah Raknes 5.34.61, Marianne Feidje Mjelde 5.42.04 og Aslak Monstad 5.47.67. Her fekk Emma og Anna Hanstveit fekk 5.08,94 og 5.09.,37 
Helge Tysse vann 400m med småpene 65.21. Han blir nok tøff å slå på 800m laurdag. Anniken Mjelde vart nr 3 av jentene på 300 m på 51.28. Besnik Zenelaj vann 100m på 12.12 i lett motvind.  Noah Raknes 100m på 16,64 (0)
Alt i alt ein fin friidrettskveld i Arna.
tekst BV facebook
(18.09.17)