Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Om Spretten

 

O.I.L Spretten er eit lite, men viktig idrottslag. Spretten er idrottslaget for menneske med psykisk utviklinghemming. Det er tilknytta Osterøy Idrottslag og har 8 medlemmer. Spretten har fast treningstid i Osterøyhallen kvar onsdag kl 17:30 - 19:00, haust, vinter og vår. Treningane vert som regel leia av ein av våre dyktige medarbeidarar i pleie og omsorgsektoren i Osterøy kommune. Her fins det mange som har vore eldsjelar i miljøet i fleire år.

 

Spretten stillar med eit lag i bocciaserien for utviklingshemma i Hordaland. På laget har me fem spelarar der to på kvart lag er reserve. Boccia er eit ballspel der to lag spelar mot kvarandre. Ein får poeng etter kor mange ballar ein får nærmast den nøytrale ballen som vert kasta. Det er eit spanande spel å sjå på, ein vert let riven med. På grunn av dette er idrettsgleda like stor enten ein vinn eller tapar kamper.

 

På treningane er eit av måla å få betre fysisk form ved å nytte seg av dei ulike treningsformer som landhockey, fotball, aerobic, styrkeøvingar osv. Eit anna mål er å sosial omgang og sosiat fellesskap med andre i ein situasjon som er kjend og som opplevas som trygg. I tillegg til treningane oppfordrar vi medlemmane til å gå Holavatnet rundt, noko  fleire av dei gjer med stor entusiasme.