Fotball
Skogrydding i FugledalenVil DU ha ny kunstgrasbane i Fugledalen?
Fotballgruppa treng folk til dugnad laurdag 2.februar. Flott om du har motorsag. Finst det folk som har 2 tromla vinsj er det sterk trong for det. Oppmøte vert kl. 10.00. Ved spørsmål kan du kontakta: Ivar Solberg (mail: is@jakta-metall.no eller mobil 481 07 277).
Bana kjem ikkje på plass utan at folk kjem på dugnad.
Les mer Kalassiger på Furubakken
Osterøy sine håpefulle braka saman med Haus til sesongens første treningskamp. Sjølv om resultatet var uttalt «underordna» før kampen, var Osterøy-trenaren meir enn nøgd med nettopp resultatet. Etter noko ein må kunna omtala som ein kollaps av Haus, stod det 0-7 på tavla etter 90 minuttar.
PSP og kakao: Sisteskanse, Einar Gjerstad,
angra nok litt på at PSP’en og termosen med
kakao vart lagt att heime

Osterøy tar mål av seg å ta steget opp att i 4. divisjon etter inneverande sesong. Kontinuitet i spelargruppa og tre nye fjes på treningsfeltet gjer at optimismen rår i Osterøy-leiren
Førstkomande fredag spelar A-laget sin første treningskamp for året. Motstandard på Furubakken kl 1930 er Haus. – Me stiller med ein litt redusert tropp, men eg forventar at dei spelarane som er med nyttar høvet til å vise seg fram,seier trenar Vidar Rosnes. – Det blir nemleg trangt om plassane på laget når me er fulltallige.
Sesongen er allereie vorten tre veker gamal for Osterøy sitt A-lag. Trenar Vidar Rosnes seier han er svært nøgd med det som er prestert på trening så langt.
Det er trong for folk som kan rydda endå meir skog i Fugledalen til den nye kunstgrasbana vår. Fotballgruppa ber difor alle som ynskjer å ta eit tak for ny bane om å melda seg til Ivar Solberg (mail: is@jakta-metall.no eller mobil 481 07 277). Flott med folk som har motorsag og/eller traktor, men all hjelp trengst! Det er viktig at denne jobben vert gjort snarast slik at ikkje entrepenøren vert seinka i sitt arbeid. Så meld deg til teneste.
Les mer Det lysnar i FugledalenLaurdag 12.januar 2008 var ein merkedag i arbeidet med å få på plass ei etterlengta fotballbane med kunstgras bak Osterøyhallen.
HaFo turnering heldt fram. Finalar for dei eldste.
Les mer Årsmøte fotballgruppaÅrsmøte Osterøy IL fotballgruppa på klubbhuset kl. 19.
Les mer Arna-Bjørnar cup for smågutar 14 årLaurdag 5.januar stilte Osterøy IL med 2 lag i fotballturneringa på parketten i Bjørnarhallen på Garnes.
Jørgen og Mathias
