Første test på fredag

Førstkomande fredag spelar A-laget sin første treningskamp for året. Motstandard på Furubakken kl 1930 er Haus. – Me stiller med ein litt redusert tropp, men eg forventar at dei spelarane som er med nyttar høvet til å vise seg fram,seier trenar Vidar Rosnes. – Det blir nemleg trangt om plassane på laget når me er fulltallige.


Spelarar som ikkje er disponible til dyst mot Haus er Øyvind Øvsthus, Kristian Daltveit, Eirik Hella, Stein Erik Kollvangsnes og nysigneringa Ronny Hansen. – Me manglar med andre ord ein heil forsvarsfirar, seier Rosnes. – Offensivt er me derimot fulltallig. Nokon av desse må nok pga nook tynnare bemanning bakover på bana belage seg på defensive oppgåver fredag.

 

Usikker

Eirik Øvsthus, som kom frå Haus før denne sesongen, er småskada. Etter å ha gått på eit par smellar dei siste treningane måtte Øvsthus kasta inn handklede under treningsøkta tirsdag. – Han har litt problem med ein ankle, seier Rosnes. – Eg reknar likevel med at han får prøvd seg mot gamle lagkameratar.

 

Mange får prøva seg

Rosnes har til hensikt å la heile stallen få prøva seg på Furubakken fredag. – Dersom det let seg gjere vil alle få speletid. Det er viktig at samtlege får vist seg fram tidleg i sesongen, seier Osterøy-trenaren. – Det er ikkje gitt på førehand kven som er blant dei elleve som startar når seriefotballen vert blåst i gong i april, legg han til.

 

– Resultatet er uansett underordna fredag. Me kjem til å setje oss offenseive og defensive delmål for kampen. Når me desse – og om innsatsen og intensiteten er god – skal eg vera nøgd, avsluttar han.

 

Så legg han til; – Det er berre kjekt om ein og annan tilskodar finn vegen til Valestrand på fredag kl 1930. Me har eit ungt og spanande lag på gang, som utelukkande består av lokale gutar. Det hadde vore kanon med litt entusiasme rundt laget att.

 

Troppen
Osterøy stiller med følgande tropp mot Haus: Einar Gjerstad, Jens Lillefosse, Ole Morten Tysse, Andreas Kollvangsnes, Kenneth Grimstad, Martin Dybvik, Steffen Gjøstein, Glenn Olsnes, Øyvind Tysse, Kim Solberg, Odd Idar Mjøs, Eirik Øvsthus, Joachim Solberg, Tommy Kårdal, Thomas Langeland, Ørjan Bysheim og Øyvind Tønjum og Heine Solberg