Sesongoppkjøringa i gang

Sesongen er allereie vorten tre veker gamal for Osterøy sitt A-lag. Trenar Vidar Rosnes seier han er svært nøgd med det som er prestert på trening så langt.

HARDKJØR:På Furubakken om tysdagane får Osterøyspelarane leika litt med ball. – Men i hallen og heime på Hatland er det joggesko som gjeld, smiler trenar Rosnes. 

– Det har vore, og kjem til å fotsatt til vera eit hardkjør framover, seier han. Treningane er lagt opp etter dei rådande treningstilhøva, noko som medfører mykje grunn- og kondisjonstrening.

 

Skal tåle meir i år

– Me trenar på kunstgrasbana på Furubakken tirsdagar. Det er vel då dei får kjela mest med ballen, seier Rosnes. – Mandagar i Osterøyhallen og torsdagar på Hatland får dei kjørt seg med joggesko på beina. Me skal vera betre trent i år enn me var i fjor, slår han fast.

 

– I fjor tapte me mange poeng mot slutten av kampane, spesielt etter ferien. Det skal me vonleg unngå i år. Då lyt me springa litt no, smiler Osterøy-trenaren som legg til at innsatsen har vore god så langt.

 

Alternativt opplegg

Opplegget for årets sesong skil seg ellers litt frå tidlegare år. Den årvisse treningsleiren sommarstid vert i år flytta til før seriestart. – Utelukkande av sportslege hensyn, seier Rosnes. 

 

– Kvaliteten me har oppnådd på treningane på desse turane har vore så som så. Me har dessutan ikkje vore fulltallige. I år satsar me på finna formen før høstsesongen heime på Hatland. I juli er baneforholda ypperlege, og eg reknar med solid frammøte, held han fram.

 

– Me vil i staden prøve å få til ei treningssamling før sesongstart. Grasbana på Hatland er ikkje ”opna for fri ferdsle” på denne tida. I staden for å gå å stonga på grusenbana oppsøkjer me betre treningsforhold andre stader. På denne måten utnyttar me situasjonen vår best mogleg, seier Rosnes.

 

Høge målsetjingar

Sjølv om det vart med ein plassering midt på tabellen i 2007, er det von om ei topplasseing i år. – Me har i år, som i fjor, eit ungt mannskap. Spelarane har imidlertid blitt eit år eldre no, og har trass deira unge alder vore med på dette nivået ei stund. Samstundes har me fått fleire forsterkningar på plass.  Det gjer at me har klare målsetjingar om å kjempe om ein plass i toppen av tabellen. Kanskje òg heilt på toppen, asvluttar Rosnes.