Kalassiger på Furubakken

Osterøy sine håpefulle braka saman med Haus til sesongens første treningskamp. Sjølv om resultatet var uttalt «underordna» før kampen, var Osterøy-trenaren meir enn nøgd med nettopp resultatet. Etter noko ein må kunna omtala som ein kollaps av Haus, stod det 0-7 på tavla etter 90 minuttar.


NØGD: Osterøytrenaren var godt nøgd med laget etter braksigeren mot Haus fredag. – Me held konsentrasjonen oppe mot slutten, unngår baklengs og puttar sju gonger. Ein god start på ein lang sesong, konkluderer Rosnes.

– Det er klart eg er nøgd, seier Vidar Rosnes etter kampen. – Me skårar sju og held nullen. Det må vera godkjent pluss så tidleg på året, smilar han. – Det var viktig at me klarar å halde konsentrasjonen oppe og ikkje slepp inn mål mot slutten.

 

Spelemessig overtak

Det var ingen stor kamp reint spelemessig, men to gode periodar i første omgang gjorde sitt til at Osterøy gjekk til pause med 0-2.  -Me spelar OK fotball i byrjinga og slutten av omgangen, oppsumerer Rosnes. -Me let ballen gå på to berøringar og beveger oss bra. Midtpartiet vert litt «ruskete» og ber preg av at kalenderen berre er på første «bladet».

 

Osterøy spelar seg i desse periodane til ein del halvsjangsar og etablerer eit visst grep om kampen. Haus kjem på eit par visittar, men trugar aldri Einar Gjerstad i Osterøy-målet.

 

Åååååå, Ørjan Bysheim…

Etter ein drøy halvtimes spel viser Ørjan Bysheim kvifor VHFK-trenar Jo Solberg var viljug til å legga alle glansbildene og colacorkane til Ove Håland på bordet for å lura ballvirtousen til feil side av fe-rista. Eit perfekt gjennomspel, frå ein elles god Martin Dyvik, vert ekspedert kontant i mål med venstre slegga.

 

Berre fem minuttar etter er Bysheim igjen på farten. Nytt gjennomspel, denne gongen frå Øyvind Tysse, vert kontrollert sett til side for keeper. Fine kombinasjonar i Osterøyangrepet gir to-målsleiing til pause.

 

Rokeringar

Trenar Rosnes gjer ein del byter i pausen, og Osterøy entrar bana i andre omgang med ny forsvarsfirar.  I tillegg går to-målskårar Bysheim ut og overlet plassen sin til Tommy Kårdal. Kim Solberg, som starta som stoppar, vert flytta opp saman med Eirik Øvsthus sentralt på midten. Thomas Langeland overtek høgre kanten og Øyvind Tysse vert flytta opp saman med Kårdal.

 

Keisamt

I dei neste 20 minuttane står dei frammøtte på sidelinja og diskuterer det kalde vêret. På bana skjer det fint lite som varmar. Det einaste verdt å skriva heim om er at den gamle målkongen, Stein Ove «Bomber» Kollvangsnes, brått får det travelt med å komma seg heim til «Bombino» sine rista skiver med jordbærsyltetøy.

 

Første sjanse kjem etter ca 65 min når Tommy Kårdal får et fint gjennomspel frå spissmakker Tysse.  Åleine gjennom treff  han ei tuve på den elles panneflate kunstgrasmatta, og skotet går utanfor.

 

Stormløp

Etter 73 minuttar løsnar det endeleg.  Eit innlegg frå løpsmaskina Joakim Solberg finn  Tommy Kårdal inne i feltet. Denne gongen er han venn med både ball og matte; 0-3.

Og det stoppar ikkje med det.

 

Knappe 3 minuttar seinare er nyleg innkomne Øyvind Tønjum servitør for navnebror Tysse. Tysse står så umarkert at han rekk å skyte hol i lufta på ein susande volley, før han på andre forsøk får ballen i nota. Etter dette går Fossbakken ut for eit Haus-lag i oppløysing.

Etter vel minuttar sinare er Tommy Kårdal frampå att før junioren Tønjum klinkar til frå skrått hald berre minuttar etter. Men det er som kjend ikkje slutt før dommaren bles i fløyta; I det 89. minutt spring Martin Dyvik gjennom. Skotet vert på sett og vis redda av keeper, som somlar ballen i stolpen. Dyvik sjølv er først på returen og fastset sluttresultatet til 0-7.