Det lysnar i Fugledalen

 

Mons Kjetil Vevle, Johnny Solberg, Arthur Borge, Inge Jostein Solberg, Eivind Solberg og Svein Lohne stod for opninga av den siste store innspurten ved å fella fleire hundre tre for at anleggsarbeidet kan starta i løpet av veke 3 og veke 4.

Maskinentrepenøren AS har fått oppdraget med grunnarbeidet og vil starta med sikring av området like over helga. Anleggstida er rekna til om lag 3 månader men i eit slikt omfattande prosjekt kan det naturleg nok koma uventa ting i vegen.


Sett mot vest, husa til Svein Lohne og Atle Jacobsen i bakgrunnen.


Også sett mot vest.


Trefelling på den vestlege delen


Eivind Solberg er med for fullt. Dette er den tredje fotballbana han er med å realisera….


Johnny Solberg vurderer ei komplisert felling tett opp mot husa.


Det lysnar for kvart tre som vert fellt.


Slik vil bana liggja sett frå vest mot aust. Solplassen terrasse i bakgrunnen mot høgre.


Ved stolpe nr 2 frå høgre vil cornerflagget om lag koma.


Ingenting å sei på framdrifta.


Trea måtte fellast slik at anleggsmaskinene kan ta til med arbeidet i bunnen på dalen.


Den sørvestlege delen av området.


Bana vil liggja parallellt med Osterøyhallen. Tribune vil koma langs veggen av hallen.


Flott utsikt mot nord. Osterøy bør nok satsa på mykje spel langs bakken. For det er langt å gå for å henta ballane dersom dei forsvinn over sikringsgjerda.


Lonevåg sentrum 12.januar.

Aktivitetar

03 mar
05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar