Kalassiger på Furubakken


Osterøy sine håpefulle braka saman med Haus til sesongens første treningskamp. Sjølv om resultatet var uttalt «underordna» før kampen, var Osterøy-trenaren meir enn nøgd med nettopp resultatet. Etter noko ein må kunna omtala som ein kollaps av Haus, stod det 0-7 på tavla etter 90 minuttar.

PSP og kakao: Sisteskanse, Einar Gjerstad,
angra nok litt på at PSP’en og termosen med
kakao vart lagt att heime

Les mer KRETSMESTERSKAP 2008

SIGURD SLO TIL MED GULL!!

SIGURD B REIGSTAD

Kretsmesterskap 2008 i langrenn, fristil og klassisk vart i helga arrangert av Ulvik IL på Drevtjørn skisenter. Lørdag stod fristil på programmet og kraftig snøvær gjorde det heile veldig spennande. Sigurd Braathen Reigstad gjekk sitt beste løp denne sesongen og gjekk inn til gull i klasse gutar 12 år. Han har mange gonger måtte sjå seg slått av Marius Bull Hjeltnes frå Ulvik IL, men når det virkelig gjaldt i KM klarte Sigurd å ta revansj med eit sekund.

Søndag var det klart for KM i klassisk stil og Ostringane gjorde det godt i det flotte været. Sola var framme heile dagen og føre var godt med rundt 5 minusgrader. Sigurd viste igjen at han er heilt i toppen og gjekk inn til sølv denne dagen.  Men og i gutar 16 år fekk Osterøy ei pallplassering med Torbjørn Hovden på 3. plass, berre eit sekund bak sølvplassen.

RESULTAT FRISTIL
RESULTAT KLASSISK

FLEIRE BILDER

Les mer Stor aktivitet i Osterøyhallen

I Osterøyhallen har det vært full aktivitet i hele dag. Det har vært spilt miniturnering for Jenter 8 og jenter 9, samt 2 seriekamper.


Fra miniturneringen.

Les mer Sesongoppkjøringa i gang


 alt=Sesongen er allereie vorten tre veker gamal for Osterøy sitt A-lag. Trenar Vidar Rosnes seier han er svært nøgd med det som er prestert på trening så langt.

Les mer Forsterkningar på plass


Osterøy tar mål av seg å ta steget opp att i 4. divisjon etter inneverande sesong. Kontinuitet i spelargruppa og tre nye fjes på treningsfeltet gjer at optimismen rår i Osterøy-leiren

Les mer Første test på fredag


Førstkomande fredag spelar A-laget sin første treningskamp for året. Motstandard på Furubakken kl 1930 er Haus. – Me stiller med ein litt redusert tropp, men eg forventar at dei spelarane som er med nyttar høvet til å vise seg fram,seier trenar Vidar Rosnes. – Det blir nemleg trangt om plassane på laget når me er fulltallige.

Les mer VIKINGRENNET

Vikingrennet vart arrangert på Sjusete lørdag 19/1.  Snøforholda var brukbare med ein del blaute parti. Men som Ostringane har vist før så er ikkje tungt føre noko hindring for dei. Sigurd B Reigstad viste igjen att han er heilt i toppen i Hordaland i klasse G12. Han slo til med seier på sin 2 Km, og gjekk i mål med god margin på
nr.2. 

  Sigurd B Reigstad

  Resultatlister

  BILDER

Les mer Dugnadshjelp

Det er trong for folk som kan rydda endå meir skog i Fugledalen til den nye kunstgrasbana vår. Fotballgruppa ber difor alle som ynskjer å ta eit tak for ny bane om å melda seg til Ivar Solberg (mail: is@jakta-metall.no eller mobil 481 07 277). Flott med folk som har motorsag og/eller traktor, men all hjelp trengst! Det er viktig at denne jobben vert gjort snarast slik at ikkje entrepenøren vert seinka i sitt arbeid. Så meld deg til teneste.

Les mer Norgescup Vind

Flott innsats av Lars Braathen Reigstad under norgescuprennene på Gjøvik i helga. Spesielt bra gjekk det på sprinten lørdag da han vart nummer 70 (av 155) og var bare 7 sekunder fra ein plass i kvartfinalen.

NC Vind gutter 17år 10km fristil
NC Vind gutter 17 år sprint fristil
NC Vind gutter 17 år 10km klassisk

Les mer Viljarsprinten

På grunn av snømangel i Bømoen vart Viljarsprinten i år flytta til Ulvikahøgda, men der var det i alle fall snø. Og det var eit ganske så tett snøvær i periodar under rennet. Sigurd B Reigstad tok sin andre seier for helga i gutar 11-12 år. I gutar 15-16 år hadde Osterøy 4 av 6 plasser i A finalen.

Gutar og jenter 8-10 år
Finaleheat 11 år og eldre

Les mer