Fotball
Tap for Osterøy i millionærkommunenEit godt Austevoll 2 hadde kontroll på Osterøy i 5.divisjonskampen søndag 20.05. Spelemessig hang ikkje ostringane med på kunstgrasunderlaget på Storebø slik at heimelaget vann fortent. Sjå tabell under Sesongen 2007 til venstre. Dessutan er det no spelarbørs å finna på gjesteboka til fotballgruppa.

No er det tid for å søkja om gratis spelertrøyer frå Statoil
SØKARFRISTEN ER 15 JUNI 2007
Småjentelaget tok ein overlegen seier over Austrheim med sluttresultatet 6-13.

Den suverene serieleiaren i Osterøy si 5.divisjonsavdeling gjesta Osterøy stadion onsdag kveld. Etter ein suvderen laginnsats vart det 5-4 seier og første poengtapet for kunstgrasekspertane frå Frekhaug.

Osterøy tok ein solid seier mot Valestrand Hjellvik i 93 klassen på Osterøy stadion tysdag. Heimelaget hadde kontroll gjennom heile kampen, men slapp likevel VHFK til unødvendig ved eit par høve.

Glade målscorarar: Frå venstre Michael Vikne 1 mål, Daniel Hjellvik 3 mål., Simen Mjelde Solberg 2 mål, Bjarte Vik Larsen 2 mål, Asbjørn Bruvik 1 mål. Sluttresultatet vart 9-2.
Osterøy vann 6 – 1 i ein kamp som dei hadde full kontroll på i frå første spark på ballen.

At det skulle enda med storseier for Osterøy/Fotlandsvåg/Hausvik idag var det få som trudde etter ein ganske trist første omgong. Men 5-0 let seg absolutt høyra!

Mektige Heine kom på scoringslista.
Mellom høge fjell og i strålande sol skulle Osterøy sitt a-lag halda fram med den fine trenden frå dei siste kampane. Dette skulle visa seg å verta vanskeleg.
Osterøy og Hausvik FK delte poenga mellom seg i smågutar 13 år på Osterøy stadion torsdag.
Ombygginga av klubbhuset er (nesten) heilt ferdig!
Onsdag 2. mai var visning og samling for dei som har vore med dugnaden.
