Kvernbit til Fossemyra utan poeng

 

Kvernbit hadde stort tempo og god ballkontroll i store delar av første omgong. 0-1 kom etter eit frispark som sjølvaste Beckham skulle hatt problem med å gjera betre. Men utlikninga var ikkje dårlegare…..

Joachim Borge Solberg slår ein genial gjennombruddspasning til Ørjan Bysheim på venstresida, Ørjan slår eit perfekt bananinnlegg til ein Martin Aasheim som stangar inn 1-1.

2 omgong vart nærast ein målorgie…… Ørjan Bysheim scora 1, Kristian Daltveit 1 og Thomas Langeland 2. I tillegg bomma Jens Lillefosse på eit straffespark.

Eit imponerande resultat av eit Osterøylag som svingar veldig i prestasjonar. Kvernbit vil nok framleis liggja godt an til å kjempa om opprykk. Men fokuset til Kvernbit på andre faktorar enn dei som føregjekk ute på bana såg ut til å verta noko stort mot slutten av kampen og etter. Enkelte avgjerdsler av dommaren meinte dei var svært diskutable…..


Kjekt at det er publikum frå heile øynæ. Her er det naboen og bror til Martin Aasheim som er til stades for å sjå om Martin har plukka opp ein del gode tips frå han.