Tap i berg- og dalbanekamp

 

Kampen enda med 2-1 tap for ostringane. Sjølv om bana var svært vanskeleg å spela på kan dette ikkje brukast som forklaring. Bortelaget var tamt i store delar av kampen. Fokuset forsvann gradvis frå eigne prestasjonar og enda opp med mange meiningar om dommaren si oppgåve. No er det 3 dagar til neste kamp på Osterøy stadion mot dei suverene serieleiarane Kvernbit.

Osterøy sitt lag: Tonny Tufte, Jens Lillefosse, Eirik Hagen Hella, Øyvind Øvsthus, Steffen Sandal Gjøstein, Martin Aasheim, Kristian Daltveit, Kim Solberg, Joachim Borge Solberg, Thomas Langeland og Ørjan Bysheim.

Nytta innbytarar: Martin Dyvik, Mohaned Al-Abdi, Heine Solberg. Ikkje nytta:  Petter Ahmer Pedersen.


Ørjan hadde ei flott scoring, men spørs om konsentrasjonen er heilt på topp når han spekulerte i om dommaren var sveiseblind……


Steffen gjekk fort tom i varmen. Men heldt bra følgje med kjappe Dalespelarar.


Nokre lurte på kva denne karen gjorde ute på bana. Han fekk ikkje spela, men Stein Erik hadde ein viktig jobb som vikarierande oppmann.