Juniorlaget i seiersrytme

 

Osterøy fekk eit tidleg mål på ei flott heading av Daniel Fossbakken. Så opninga var upåklageleg. Men deretter var det jamt tomt! Fram til det nærma seg pause hadde heimelaget meir enn nok med å forsvara seg mor eit spelemessig godt Øysteselag.

I pausen vart det snakka om å jobba i lag og ikkje ein og ein. Dessutan skulle bevegelsen opp. Dette traff heilt blink. Ostringane sprang hardingane i senk og var over alt. Ikkje verst til å sidan det vart stilt med eit svært ungt lag som hadde lite erfaring med å spela ilag.


Petter Ahmer Pedersen gjorde comeback i gult idag. Er fast plass på a-laget neste?


5 ulike målscorar i dag er sterkt. Frå venstre Torbjørn Hovden (fødd i 92!!!) Heine
"Terminator" Lohne, Martin Dyvik, Daniel Fossbakken, Espen "Silkefot" Mjøs.

Sjå elles Øystese si vudering av kampen her.