Et minne for livet!

Les mer Sprint i Høiehallen

Sprint i Høiehallen
3.2.2007. 
Markus Loftås pers på 60m med 8.51
Jon Anders Løkkevik 60m 7.43

31.1. 2007
Aina Løkkevik 60m på 8.17

Les mer Kanonkamp trass tap

Thomas skuffa
Gutar 16 spelte heilt opp i mot sitt beste når topplaget Mathopen gjesta Osterøyhallen søndag ettermiddag. Etter ein knapp siger mot botnlaget Bjørnar laurdag var innsatsen i ein heilt annan klasse søndag. Det stod 25-24 til bortelaget då sluttsignalet gjekk. Keeper Thomas Langeland tørte ikkje sjå på direkteskotet til Steffen S. Gjøstein som ville gitt ostringane eit fortent poeng.

Sjå les meir for fleire bilete.

Les mer Nok eit Osterøytap i nabooppgjer

Trass spelemessig framgong vart det dessverre eit nytt solid tap for 4.divisjonsnabo Valestrand Hjellvik på Furubakken onsdag kveld. På eit litt glatt underlag viste heimelaget seg som eit betre lag sjølv om dei nokre gongar kom litt lett til for å scora bak innleigde Anders Eriksen i Osterøymålet. Skulle framgongen fortsetja bør det vera fullt realistisk med ei god plassering på øvre halvdel av 5.divisjonstabellen når serien startar om knappe 3 månader.

Les mer Innlevering av drakter

Det er svært mange trenarar/lagleiarar som enno ikkje har levert inn draktene til materialforvaltaren etter sesongen 2006. Skal ho kunna få gå gjennom draktsetta ber styret om at dei som har dårleg "samvittighet" straks tek kontakt med Anne Marit Hartveit tlf 45453885. Dersom ikkje denne oppmodinga heldt vil styret vurdera strengare tiltak.

Les mer Kvammajakta

Kvammajakta vart arrangert på Sjusete skisenter søndag 4/2 og her var det mykje action og mange gode resultat. Været var bra og snøen hadde heldigvis ikkje smelta heilt. For løparar under 13 år var det eit vanlig klassiskrenn men for 13 år og eldre vart det arrangert duathlon. Det vil sei at løparane bytta ski og stilart undervegs i løpet . Lars B Reigstad(265) ligg i front og Anders Flæsland(261) er i gang med å jobbe seg fram i feltet.

Les mer Osterøyhallen søndag

Flere jevne kamper i Osterøyhallen i dag.


Gutter 12 før avkast

Les mer 3.2.2007 Årsfest og premiering for gutar og jenter


Laurdag 3. februar 2007. Årsfest/premiering 2006 sesongen for gutar/jenter.

Stimulansepremie
jenter: Aina Løkkevik (utdelt tidlegare)
gutar: Kjetil Stokke

Største poengsankar i serien:
gutar: Markus Loftås
jenter: Sigrid Borge

1000 poeng-nål:
Jon A Løkkevik, Markus Loftås, Stig A Langeland, Vebjørn Borge og Johannes
Langhelle

Napp i Vandrepokal Kast
Johannes  Langhelle

Les mer Gutter 16 vant knepent over Bjørnar

Bjørnarhallen lørdag       Bjørnar – Osterøy   18 – 20


Daniel er oppgitt.

Les mer Seier og 2 poeng for Gutar 16


Osterøy rodde i land ein knapp 20-18 seier borte mot Bjørnar i Bjørnarhallen laurdag kveld. Kampen var jamn heile tida men ostringane spelte langt frå sitt beste. Pauseresultatet var 5-5. Trenar Kjersti Kleppe forlanga minst 15 mål i 2.omgong. Det klarte spelarane å innfri, og kaptein Daniel Fossbakken sikra seieren med 2 mål etter at det stod 18-18 når det var 1 min att av kampen.. Sjå fleire bilete under les meir.

Les mer