Kvammajakta

Under Kvammajakta stillte Osterøy med nesten 20 løparar til start og hadde heile 6 pallplasseringar. Spesielt i klassane frå 13 til 16 år var det mykje spenning fordi alle dei gjekk duathlon for første gong men det gjekk bra og alle fekk skifta ski halvvegs i løpet. Dei starta med klassisk stilart og bytta til fristil. Ein av dei som gjekk spesielt godt i dag var Sigurd B Reigstad(G11)) som har vist god form denne sesongen og gjekk inn til førsteplass i dag, 22 sekund før nr. 2.

Johannes Langhelle i fint driv 1 km før mål. Eirik T Aastveit har fin stil inn på stadion.

I G11 gjekk også Johannes Langhelle inn til 5. plass som er veldig bra sidan dette er eit av hans første renn i år.
I G12 gjekk Eirik T Aastveit inn til 6.plass på tida 6,49 på sin 2. Km.
I G13 gjekk Magnus B Reigstad inn til 3. plass og Per Christian Runhovde inn til 8. plass i 1+2 Km duathlon. Ola B Reigstad gjekk inn til 8. plass i G14.

I G15 og 16 begynte dei å gå litt lengre og der gjekk dei 2,5+3,5 Km. Eirik B Melde gjekk inn til ein flott 2.plass i G15 og Trygve B Reigstad gjekk inn til 3.plass i den klassen. Der var det også ein Osterøyløpar på 4. plass og det var Glenn Torgersen som berre var 1 sekund bak Trygve.
Gutter 16 starta også i det feltet og der gjekk Lars B Reigstad og Anders Flæsland. Anders kom litt dårlig ut i starten men klarte å innhente seg og gjekk til slutt inn til 3.plass. Lars kom veldig bra ut i det feltet men han fekk litt problem under skibytte og tapte ein del på slutten, men han gjekk inn til ein flott 4.plass.

Alle res.